Ole Wilhelm Sverdrup Aasberg Posted February 13, 2020 Share Posted February 13, 2020 Hei. Er det noen som kan hjelpe meg med å finne frem i gamle Pantebøker? Søker etter en skylddelingsforretning gjort i Brønnøy på 1890-tallet. Link to comment https://forum.nasjonalarkivet.no/topic/243591-skylddeling/ Share on other sites More sharing options...
Arkivverket - Anita Riise Posted February 14, 2020 Share Posted February 14, 2020 KORLEIS FINNE DOKUMENT TINGLYST PÅ DEN ENKELTE EIGEDOM MANUELL/GAMAL GRUNNBOK (REGISTER) Dette er eit register over kva som er tinglyst på den enkelte eigedom og er oppdatert til ca 1991. Du gjer oppslag i registeret via lenka under: https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb Øvst på grunnboksbladet ser du om eigedommen har høyrt til i ei anna kommune tidlegare. På høgre side ser du referansen til kvar du skal finne det enkelte dokument.(For eksempel 14-182 betyr i protokoll 14 på side 182). FINNE DOKUMENT FØR 1936 Bruk lenka nedanfor og skriv inn kommune og årstal og trykk søk. Då får du opp oversikt over protokollar som kan innehalde det aktuelle dokumentet. Vel protokoll og bla fram til riktig side. Ofte er det ført inn fleire dokument på kvar side i panteboka. Då må ein gjerne bruke gardsnamn eller gardsnummer for å identifisere dokumentet: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse FINNE DOKUMENT 1936 - 1950 Dokument tinglyst 1936-1950 finn du ved hjelp av dagboknummer(står heilt til venstre på grunnboksbladet) og tinglysingsdato. Skriv inn kommune og aktuell periode i skjemaet på lenka og trykk på søkeknappen: https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse Du får opp ei liste med pantebøker som passer søket ditt. Til høgre i lista finn du ei lenke som peikar direkte til innhaldslista for kvar pantebok. Der vil du igjen finne snarveg/lenke til det aktuelle dokumentet, eller lenke til tinglysingsdato (du må då bruke blafunksjonen). -------------------------------------- Oppe i høgre kant av bildet er der tastar for forstørring/forminsking(+ -), bla-tastar(< >) etc. Ved å trykke h når du står inne i pantebokbildet vil du få opp hjelpetekst. Om utskrifter, sjå https://www.digitalarkivet.no/content/225/skrive-ut-skanna-arkivmateriale For meir utfyllande rettleiing til eigedomsmaterialet: https://digitalarkivet.no/content/3/informasjon-om-eiendom-og-tinglysing PS: Om du får problem med å finne fram, så ring mens du sit klar ved PC-en, så kan vi rettleie deg over tlf. Tlf: 480 55 666 Dokument tinglyst ETTER 1950 må tingast frå Kartverket, dei har også grunnbok oppdatert til dags dato: https://kartverket.no/eiendom/ Torbjørn Igelkjøn 1 Link to comment https://forum.nasjonalarkivet.no/topic/243591-skylddeling/#findComment-2079181 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now