Jump to content
Nasjonalarkivet

Innvik Sfj: Kven var arvingane etter Torbjørn Torbjørnson Fjellkårstad i 1748?


Recommended Posts

I dette skiftet får vi vite at Torbjørn døydde barnlaus.

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 10 (1747-1750), Skifteprotokollside, Side 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630669

 

Enkja har lite greie på slekta til mannen, og vi endar med ei summarisk opplisting:

 

Broder Rasmus, boede ved Randenøstene (det er i Innvik-soknet)

Broder Jon, boede paa Røraas

Broder Jakob, boede i Bergen

Søster Gjertrud, boede i Bergen

 

"hvilke alle skal have efterladt sig børn, men hvor mange vides ikke". 

 

Det er grunn til å tru at dette skiftet i Bergen dreiar seg om "vår" Gjertrud; namnet er ikkje særleg vanleg. Ho har då vore gift med Casper Olsen og har 2 døtre. 

 

Bergen fylke, Bergen, Skifteprotokoll nr. C 2b (1734-1737), Skifteprotokollside, Side 462b-463a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111630221

 

Det er ein muleg ulempe at ho er kalla Tønesdatter tidlegare - https://www.histreg.no/index.php/person/pv00000000541902 

 

Men kva med dei tre brørne - kan nokon finne dei? 

 

Det finst ein Rasmus Torbjørnson Sølvberg i Innvik på denne tida, men han er i live i 1748, og kan knytast til ein annna familie.

 


 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 2

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.