Jump to content
Nasjonalarkivet

Nils Rasmusson Visdal f. ca 1660 - brukar på Visdal i Vågå med openbar Nordfjord-slekt; er det nokon som kan hjelpe til å leite etter forbindelsen?


Recommended Posts

Posted

Med utgangspunkt i dette emnet spør eg om hjelp vidare. Ydna-test av to etterkomarar etter Nils gjev svært tett forbindelse til Nordfjord, og slik det ser ut i dag, må Nils vere etterkomar etter Torbjørn Andersson Fjellkårstad i Innvik, eller ein til no ukjend bror av han.

 

 Dersom vi brukar ei generasjonslengde på ca 30 år, er det plass til 2 eller 3 generasjonar:

 

Nils Rasmusson Visdal ca 1660 - faren Rasmus ca 1630 - farfaren som vi ikkje har namn på ca 1600 - Torbjørn Andersson Fjellkårstad ca 1570 eller ein ukjend bror.

 

Er det nokon som har tilgang til kjelder som kan seie noko om dette?

 

 

Posted (edited)

Takk til Inge Nygård for skiftet etter Nils i 1728 - eg flyttar det hit, fordi overskrifta på dette emnet er meir klargjerande for det eg arbeider med no.

 

Sør-Gudbrandsdal tingrett, AV/SAH-TING-004/J/Ja/Jaa/L0001B: Skifteprotokoll, 1720-1735, s. 258b-259a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081209710265

 

Her meiner eg å sjå at Nils i alle fall har ein bror Ole?

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Posted

Det er nemnt eit skiftebrev av 5.okt 1691 - kan det finnast?

Posted (edited)

I bygdeboka for Innvik er det nemnt ein son Rasmus Andersson som er 22 år gammal på Fjellkårstad  i 1664. Med ein viss overdrivelse på alderen til Nils Rasmusson KAN dette vere ein fars-kandidat. Han er openbart ikkje sett i Nordfjord seinare, om ein les det som (ikkje) står i bygdeboka.

 

https://www.nb.no/items/976d331b9745644430182305b97ae626?page=601&searchText=einskilde bygder fjellkårstad

 

1664-manntalet - RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 25: Nordfjord prosti, 1664-1666, s. 224-225
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192123

 

Bygdeboka meiner det er ein svoger av Rasmus som har bruket i 1664.

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Posted

Her er visst eit 1666-manntal for Vågå sokn - men litt vanskeleg for ein utanbygds å orientere seg i. 

 

RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 6: Gudbrandsdal prosti, 1664-1666, s. 194-195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005111107
 

Finst det bygdebok for det aktuelle området?

Posted (edited)

Her fann eg skiftet frå 1691- trur eg - og det ser ut til å vere etter Oluf Knutson, fyrste mannen til Anne Arnesdtr. Så ikkje noko nyttig her.

 

Sorenskriverier i Gudbrandsdalen, AV/SAH-TING-036/J/Ja/Jaa/L0003: Skifteprotokoll - Nord-Gudbrandsdal, 1690-1719, s. 9b-10a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081209720173
 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
Posted (edited)

Dette blir einetale, men eg tenkjer det er klokt å dele tankane etter kvar som dei kjem.

 

Eg vil berre nemne denne mannen https://www.geni.com/people/Rasmus-Fjellkårstad/6000000214663947835 - som er omtala i skiftet etter Torbjørn Torbjørnson Fjellkårstad i 1748. I skiftet etter Torbjørn står det at han "boede ved Randenøstene" og skal ha hatt born, men ingen veit kor mange.

 

Denne setninga fortel meg at Rasmus må ha flytta for lang tid sidan. Randanausta ligg nokre steinkast frå Fjellkårstad, og familien burde absolutt hatt kjennskap til han. Kan det vere han som reiste til Vågå? Kronologien er ikkje heilt på mi side, for han kan ha problem med å rekke å bli gammal nok til å få barn rundt 1660. Men lat han no vere nemnd.

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted (edited)
5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Her er visst eit 1666-manntal for Vågå sokn - men litt vanskeleg for ein utanbygds å orientere seg i. 

 

RA, Sogneprestenes manntall 1664-1666, nr. 6: Gudbrandsdal prosti, 1664-1666, s. 194-195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005111107
 

Finst det bygdebok for det aktuelle området?

 

Du finner en del på siden til Vågå Historielag.

 

Skoskatten 1711:

1. Niels Visdal

2. qvinde

5. 3 börn

6. Rasmus Knudssen

 

Oppland fylke, Gudbrandsdal, Fogderegnskap nr. 1180 (1711-1711), Dokumentside, Side 195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10101301111196

 

 

Edited by Grete Singstad
  • Like 1
Posted (edited)
8 timer siden, Grete Singstad skrev:

 

Du finner en del på siden til Vågå Historielag.

 

Hjerteleg takk! No greidde eg å orientere meg i den originale lista også, og der finn eg Oluf Knudsen som barn av eine enkja. Det er altså han som er forbindelsen framover på garden, og Nils Rasmusson har kome utanfrå og gifta seg med Anne Arnedtr. etter 1691.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted (edited)

Eg vender tilbake til skiftet etter Torbjørn Torbjørnson Fjellkårstad i 1748. Det viser seg at det er fleire arvingar dei ikkje kan gjere greie for. 

 

Nordfjord sorenskriveri, AV/SAB-A-2801/1/04/04a/L0010: Skifteprotokollar, 1747-1750, s. 85b-86a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630667
 

Rasmus Torbjørnsen som budde ved Randanausta (og må ha flytta frå bygda lenge før 1748) - Jon Torbjørnson "som boede paa Røraas" - Sahl. Jacob Torbjørnsen i Bergen, Sahl Gjertrud Torbjørnsdatter som også budde i Bergen. Alle skal ha etterlate seg born, men ingen veit kor mange. Jakob Noss skal ta vare på midelen til ein får avklara kor mange arvepartar det er snakk om.

 

Eg finn skifte etter Gjertrud Torbjørnsdtr i Bergen, men dessverre for meg var ho gift og hadde to døtre, så ingen sysken som arvar. Eldste dottera skal vere fødd rundt 1714, så Gjertrud sjølv kan vere fødd mellom 1670 og 1695.

 

Denne Torbjørn skal vere fødd ca 1683 etter alder i 1701-manntalet, men både Rasmus, Jon og Jakob må vere eldre, sidan dei ikkje er talde i 1701.

 

 

 

 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted (edited)

Oppsummering: Eg har altså funne TO interessante Rasmus'ar i Nordfjord:

 

1 - Rasmus Andersson, f. ca 1642, tald under Sønner på Fjellkårstad i 1664. Det ser dessverre ikkje ut til at 1666-manntalet eksisterer for dette soknet.

2 - nevøen Rasmus Torbjørnson, som "boede ved Randenøstene" men som slekta ikkje har peiling på i 1748. Om han skal vere aktuell som far til Nils Rasmusson Visdal, må han vere svært mykje eldre enn broren Torbjørn.

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted (edited)
8 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

 og Nils Rasmusson har kome utanfrå og gifta seg med Anne Arnedtr. etter 1691.

 

At Nils Rasmussen på Visdal var fra Nordfjord er sikkert. Dette kommer fram i ei militærrulle fra 1697, og her er han ført som 29 år, dvs født ca 1668.

I denne lista finner du flere født i Nordfjord.

 

Buskerud, Hedmark, Oppland fylke, Militærrulle nr. 500 (1696-1697), Dokumentside, Side 158
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111110611010

 

Edited by Grete Singstad
  • Like 1
Posted (edited)
1 time siden, Grete Singstad skrev:

 

At Nils Rasmussen på Visdal var fra Nordfjord er sikkert. Dette kommer fram i ei militærrulle fra 1697, og her er han ført som 29 år, dvs født ca 1668.

I denne lista finner du flere født i Nordfjord.

 

Fantastisk! Den rullen der kjenner eg ikkje til frå før.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted (edited)

Då står det berre igjen å finne kva for ein Nordfjord-Rasmus han er sonen til, og eg tenkjer at Rasmus Andersson Fjellkårstad som er 22 år i 1664 er ein god kandidat.

 

Han har høveleg alder, og han har det rette Y-kromosomet.  Men det endelege beviset kan eg ikkje seie at eg har.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 2
Posted (edited)
På 4.11.2026 den 18.48, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk til Inge Nygård for skiftet etter Nils i 1728 - eg flyttar det hit, fordi overskrifta på dette emnet er meir klargjerande for det eg arbeider med no.

 

Sør-Gudbrandsdal tingrett, AV/SAH-TING-004/J/Ja/Jaa/L0001B: Skifteprotokoll, 1720-1735, s. 258b-259a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081209710265

 

Her meiner eg å sjå at Nils i alle fall har ein bror Ole?

 

På 5.11.2026 den 17.15, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Då står det berre igjen å finne kva for ein Nordfjord-Rasmus han er sonen til, og eg tenkjer at Rasmus Andersson Fjellkårstad som er 22 år i 1664 er ein god kandidat.

 

Han har høveleg alder, og han har det rette Y-kromosomet.  Men det endelege beviset kan eg ikkje seie at eg har.

 

I manntall 1701 for gården Oppheim (Oppigard) i Olden finnes en Rasmus Andersson i passende alder, og han har en sønn Ola, som er tjener i Oppland.

Han var gift med datter til forrige bruker. Kanskje dette kan være han fra Fjellkårstad?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000624885

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord og Nordfjord, Svanø, Manntall nr. 9 (1701-1701), Protokollside, Side 280-281
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051010280148

 

Nordfjord fraa gamle dagar til no. [Del] 2 3 3:1. [Del] 2 3 3:1. [Del] 2 3 3:1 : Dei einskilde bygder Innvik - Stryn Bygdeskipnad og bygdesoga

Edited by Grete Singstad
Posted

Rasmus Andersson er ført under "Oppim" (Oppheim) og er 22 år. Han kan være den samme som han på Fjellkårstad og dermed ført to ganger i 1664-manntallet.

 

Sogn og Fjordane fylke, , Manntall nr. 25 (1664-1666), Protokollside, Side 224-225
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ft10051005192123

 

Posted
7 minutter siden, Grete Singstad skrev:

 

 

I manntall 1701 for gården Oppheim (Oppigard) i Olden finnes en Rasmus Andersson i passende alder, og han har en sønn Ola, som er tjener i Oppland.

Han var gift med datter til forrige bruker. Kanskje dette kan være han fra Fjellkårstad?

Dette skal eg straks sjekke - takk for godt tips!

Posted

Tingboka 1682 - 

 

image.png.875f6ba4290bb4d0d7ad7dd98b44452b.png

Posted (edited)

Desse manntala tok vel si tid å få laga, og det var vel ikkje alltid ei notering av kven som var til stades. Så det er ikkje utenkjeleg at han kan vere notert som son på Fjellkårstad ein dag, og som brukar på Oppheim ein annan dag. Denne sonen Jakob i 1701 kan kanskje vere den same som er omtala i formyndarprotokollen i samband med eit skifte 4.okt 1734 (dessverre ikkje bevart) - der det blir oppnemnt formyndar for Jakob Oppheim sine seks born (ikkje namngjevne). REDIGERT: Dette dreiar seg nok om Jakob Ellingson Oppheim, sidan det er broren Anders Ellingson Briksdal som er formyndar.

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
Posted

Til overmål: Det finst levande mannslinje etter Rasmus Andersson Oppheim. Eg må nok ut med vattdottane mine igjen.

  • Like 4

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.