Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#68598] Oppslag i bygdebok for Bremanger.


Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Hei Mariann. Eg finn dei under Andre familiar, Frøyen nedre, dvs folk som budde på husmannsplassar eller som inderstar. Det står ikkje så mykje om denne familien så eg siterar alt som står:'Ole Oleson f. 1824 på ein plass under Igland. Gift 1861 med Malene Eriksdotter f.1823 på Frøyen øvre, brnr.1 d.1867 på FrøyenBorn: Oline Elen f. 1862'Mvh Harald

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Den var kjapp, tusen takk for svar :-) OK, så det står ingen ting om dødsår e.l.Venleg helsing Mariann.

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Nei det står ingen ting meir.Har og sjekka under Igland, men der er ingen fleire opplysningar der heller.Mvh Harald

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Takk igjen :-)Venleg helsing Mariann.

Gjest Bent Grotle
Skrevet

I folketellinga 1900 bur det ein Ole Olsen Igland i Dalsbotnen på Bremanger. Han er enkemann og født i 1825 står det. Kanskje er det din Ole, og at vidare informasjon er å finne under denne gården?Eg har ikkje anledning til å slå opp i bygdesoga før seinare i veka, men kanskje kan andre sjekke.Mvh Bent Grotle

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Takk for svar :-)Eg kjenner til Ole i FT1900, eg viser til den i fyrste innlegget her.Ja, kanskje Harald kan svara på det også :-))Venleg helsing Mariann.

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Er det nokon (Harald? :-) som kan sjå etter om Ole er registrert under Dalsbotnen?Venleg helsing Mariann.

Gjest Gunnar Sigdestad
Skrevet

Hei Mariann!Nei, diverre, ingen Ole oppført her. Ikkje så rart heller kanskje, ein som var på legd var på same staden nokre månader eller så, før han for vidare.

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

OK, må vel berre godta at dødsdato for han er umogeleg(?) å oppdriva.Takk iallfall :-))Venleg helsing Mariann.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.