Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#20275] Ole Eistensen - Smøla - Sunndal


Recommended Posts

Gjest Karle Gjernes
Skrevet

Ole Eistensen kom til Smøla fra Sunndalen, budde på forskjellige fiskevær på Smøla og blei i 1868 gift med Regine Johnsdotter Kulø død 1878. Så blei han gift med Anne Jensdotter Glasø i 1880.. Han var også far til ei dotter, f. 1877, med Marie Torstensdotter Skillingen . Ole Eistensen skreiv seg for Tranø da han var gift med Regine, og Gjøstøl da han var gift med Anne. Ole Eistensen var fødd i Sunndalen 1840 og døde på Jøstølen,Smøla i 1923. Men kvar han kom frå i Sunndalen, og ætta han der finn eg ikkje. Er det noen som kan hjelpe meg med det?

Gjest Astrid Ryen
Skrevet

Det er kanskje viktig å nevne at mora Guri Eriksdatter 66 bodde sammen med ham i 1865.

Gjest Arne Solås
Skrevet

Om det er denne Ole, så het moren Guri Eriksdatter. Kanskje det kan være til hjelp: Lenke

Gjest Astrid Ryen
Skrevet

Det finnes ei Gjertrud Eistensd. 21 og ei Marit Eistend. 21, begge født i Sunndalen. Mulige søsken?

Gjest Astrid Ryen
Skrevet

Ved søk poå FS - hvis du skriver inn Guri Eriksd. og Eisten, kommer det opp et par G. E. og Eisten Eistensen som giftet seg i Hof (??) M&R 4/1 - 1827. Ved foreldresøk dukker det opp tre barn (ikke Ole) - en født i Hof ? , to født i Sunndalen.

Gjest Harald Ormbostad
Skrevet

Søkjer ein på førenamnet Esten i folketeljinga for 1801 Sunndalen, så er det nokre med namnet Esten som kan vera far til denne mannen. Men det er ikkje så mange å velgja i. Det er vel truleg ein av dei i Hoff (Hov) sokn. Så om nokon kan slå opp i bygdeboka er han kanskje å finna.

Gjest Karle Gjernes
Skrevet

Det er kjekt å få svar, så no har eg litt meir å gå etter. Takk for god hjelp Karle

Gjest Harald Ormbostad
Skrevet

Her har du ein veldig sterk kandidat til den personen du etterlyser: Ole Estenson født på Sunndalsøra i 1840. Han var son til Esten Estensen Kåsen, f. ca. 1800 i Oppdal, gift 1827 med Guru Eriksdtr., f. 1802, dotter til Erik Bersvendsen Bruvoll. Esten Estensen var skreddar, og døydde på Sunndalsøra i 1856. Ole var nr. 4 av 5 born til dette paret. Du finn opplysningar i Sunndalsboka, bind 3, side 348.

Gjest Karle Gjernes
Skrevet

Takk. Det er heilt tydeleg at du er betre til å leite i Sunndalsbøkene enn kva eg har vore. No skal eg til igjen. Takk igjen. Karle

  • 2 år senere...
Gjest Knut Sæther
Skrevet

Her kjem nokre tilleggsopplysningar om foreldra til Ole. Esten Estensson og Guru Eriksdotter hadde også døtrene Marit og Guro (tvillingar) f. 1845. Kanskje var også ein Erik Estensson som døydde i 1842, fem år gammal, sonen deira. I 1865 tente Marit i Edøy og Guro i Stangvik. Viser elles til boka mi: Meir om befolkninga i Sunndal på 1800-talet (utgitt 2006 - ISBN 82-303-0587-0).

Gjest Karle Gjernes
Skrevet

Takk. Boka skal eg tinge på biblioteket i morgon. Det er rart kor ei og anna brikke fell inn i puslespelet.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.