Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#20924] Mikkel Nilsen (Spissøy) f. Bømlo 1838 - Florø - Haugesund - Christiania - og so?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Hjarteleg takk til Jan og Grethe for nye innlegg!Diverre veit eg ikkje noko meir om korkje opphavet eller lagnaden til denne Augusta, men eg har nettopp fått tak i nekrologen til eldste sonen etter Mikkel, Nicolai, frå 1935 som nemner attlevande halvsøsken. Og eg trur eg har funne dødsfallet til mori Johanna i 1926. Eg har alt bede om ein nekrolog. Kanskje den hjelper oss på veg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Eg trur eg har gjort ei spennande oppdaging med omsyn til Johanna og Augusta!Dødsattesten til ei av døtrene hennar syner at Johanna hadde namnet JOHANNA MADSON, og VIPS, har eg oppdaga ei spennande vigsle i Oslo Domkyrkje: Lenke2.11.1879 August Olsen (fødd Austre Aker 1.12.1854) og Johanna Marie Pernille Kristine Madsdotter (fødd Førde 23.9.1846)Kanskje det då let seg gjera finna Augusta Olson og utvandringi til mor og dotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Denne August Olsen som vert omskriven som første mann hennar Johanna Madsdotter, vert oppgjeven fødd i Austre Aker 1.12.1854, men eg finn ikkje i Aker prestegjeld. Derimot ser eg at FamilySearch fortel om ein Augusr Olsen fødd på denne datoen med far Ole Larsson, men døypt i Strøm (Sør-Odal)(Lenke)!Kan nokon fortelja meg KVAR denne August Olsen eigentleg var fødd, og kvar han var oppvaksen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg! Då er Augusta på plass, men eg finn ikkje dødsfallet til far hennar? Eg søkte gjennom avlidne i Vår Frelser, men eg tykkjer nok der var heller få dødsfall...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Eg veit ikkje om det er interessant, men ein bror av Johanne emigrerer i 1881 Lenkemvh Egil

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!Faktisk so meiner eg at det på same sida i FT1885 frå Albert Lea, MN der Johanna og Mikkel var oppskrivne, der var det ogso nemnd ein Tollef Haugen, sikkert bror hennar...? Men han fell sjølvsagt utanfor ''arbeidsområdet'' mitt, bygdeboki for Luster/Hafslo...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.