Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#30531] Dødsmelding Bergen 1921


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
Skrevet

Lars Christopherson Teigland, fødd på Tysnes 22.7.1837, er truleg identisk med den Lars Christoffer Teigland som døydde i Bergen 9.4.1921.Frå dødsmeldingi ønskjer eg:* Stadfesting av identiteten hans?* Kven var ervingane hans?* Er det opplyst noko om kva tid eller kvar kona Bertha Johanne (Olsen) døydde?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Yngve Nedrebø
Skrevet

Han var forhenværende sjømann, enkemann, og etterlot seg sønnen Laurits Larsen i Sandviksveien 40B. Folkeregisterkortet gir adresser tiulbake til 1907, og kaller ham enkemann gjennom hele perioden. Han var født på Tysnes, 11. februar 1836 ifølge folkeregisterkortet.

Gjest Elin H. Skibenes
Skrevet

Det var to stk. Lars Teigland frå Tysnes samstundes i Bergen. Den eine, Lars Knutson Teigland, var ved vigsla oppgjeven å vera f. 11/02-1836. Han var g.m. Martha Pedersdtr.Lærdalsøren. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1816&gardpostnr=3452&merk=3452#ovre>LenkeDen andre, Lars Kristofferson Teigland, var ved vigsla oppgjeven å vera f. 22/07-1837. Han var g.m. Berthe Johanne Olsdtr.Lars Knutsen hadde,ifølgje dåpslistene her på digitalarkivet,5 born. Knut 1870, Marte 1873, Cecilia 1876, Petra 1877,og Anna 1882. Martha Pedersd. må ha dødd før 1900,for då bur han som enkemann saman med dottera Anna. LenkeLars Kristofferson hadde berre ein son, Lauritz Benjamin 1867. Lars Kristofferson var framleis g. i 1900,og budde då saman med kona på Sjømannshjemmet i Haugeveien (gards og ættes. for Tysnes)Lenke.Den same ættesoga opplyser at også Lars Knutson budde der på resten. Den eine,Lars K. Teigland, dør i 1920.Lenke Den andre, Lars Christoffer Teigland, dør i 1921.

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
Skrevet

Hjarteleg takk til Yngve og Elin for opplysande svar. Eg har no det eg treng om ''min'' Lars Teigland, men det er framleis eit stort mysterium kvar det vart av kona hans. Ho døydde mellom 1900 og 1907!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

To Lars Teigland er nemnde her: Lenke, men ingen kone for nokon av dei, så då er ho vel dø ein gong i tidsrommet 1900-1904.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.