Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#32692] Kristoffer Garmann


Recommended Posts

Gjest Anders Haugland
Skrevet

Kristoffer (Christopher) Garmann åtte Marøy i Radøy kommune frå ca. 1680 til 1732. Han fortel sjølv at garden 'udi hands Umyndige Aar er tilfalden udi Arv efter hands Salig faderfader'. Denne farfaren er Hermann Johansson Garmann, som åtte Marøy tidlegare og var president for magistraten i Bergen. Hermann levde frå kring 1612 til 1674 og hadde fleire born, m.a. Kristoffer Garmann som var prest i Os og ikkje skal forvekslast med Kristoffer Garmann som åtte og budde på Marøy. To søner døydde før faren, nemleg Villum som døydde i Bergen i 1669 (24 år gl.) og Johan som døydde i 1673 i Trondheim (36 år gl.). - Mitt spørsmål er då: Kven var Kristoffer Garmann f. ca. 1667 son til?Er ikkje sikker på om Kristoffer var gift eller hadde born. Garden Marøy skøytte han over til Arnold Meyer i 1732, gift med Margrete Jakobsdtr. Kypke (Kiøbke). Jakob Kiøbke var iflg. Hausboka II side 83 gift med Margreta Garmann. Så her er det nok ein slektssamanheng, men korleis?

Gjest Randi Rostrup
Skrevet

Presten Kristoffer Garmann hadde ein bror med namnet Johan Hermansen Garmann (død i Hemne i Sør-Trøndelag kr. 1673, før faren som døydde i 1674). Dei to vart innskrivne ved universitetet i København samstundes i 1657. Johan vart tollar i Trondheim i 1660 og ikkje lenge etter gift med Margrete Kristoffersdotter Tønder (som enkje gift tre gonger til). Dei hadde to born, dottera Margrete g.m. Jakob Kiøbke og sonen Kristoffer (f. kr. 1663). Det var han som budde på Marøy og døydde ugift i 1731. Margrete Jakobsdotter Kiøbke var truleg systerson til Kristoffer. Kjelde: E.A. Thomle i PHT 3:3 1894, side 154-155 og 158. Han namngjev ikkje borna til Margrete og Jakob, berre at dei hadde 5 born.

Gjest Randi Rostrup
Skrevet

Korreksjon: Det var den andre ektemannen til Margrete Tønder, Hans Nobel, som var gift fire gonger, ikkje Margrete sjølv.

Gjest Anders Haugland
Skrevet

Mange takk til Randi og Grethe for god informasjon! Har med desse innlegga fått dei opplysningane eg treng.

Gjest Tor Håkon Moen
Skrevet

Hei Anders. Jeg har registrert mye om denne familien. Send en mail til meg så skal du få en utskrift som viser sammenhengene du etterlyser. Hilsen Tor Håkon Moen tor-hakon.moen@c2i.net

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.