Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#38307] Problem med rss-feed frå Brukarforum


Recommended Posts

Gjest Erling Utne
Skrevet

Sidan måndag har eg ikkje motteke meldingr frå brukarforum via rss. Dei andre foruma fungerer. Er det nokon eg ikkje har fått med meg av endringar? IntraVnews for Outlook som eg brukar seier: Could not read this feed due to invalid XML or the feed is in HTML. This may correct itself when the author updates the feed.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Sjå om det ikkje er blitt betre no?

Gjest Erling Utne
Skrevet

No fungerar det att! Mange takk!

  • 1 måned senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

No har eg vanskar med rss-feeden att. Når eg prøver å laste ned brukarforum får eg: This feed contains code errors. Litteralstrengen er ikke tillatt i elementinnholdet. Line: 1014 Character: 1186Er dette noko de kan fikse?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Det er vel midlertidig fiksa no. Det syner seg at brukarforumet har vel stor trafikk til at RSS-systemet eg har laga handterer det så godt som det skulle. Og nett no har eg ikkje tid å forbetra det.

Gjest Erling Utne
Skrevet

Mange takk! Nei, eg får det framleis ikkje til. Eg vonar du finn tid ein gong til å forbetre systemet. RSS er ein glimrande måte å les Digitalarkivet sine forum på.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

No fungerer det i alle høve greitt hos meg.

  • 4 måneder senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

No har eg ikkje motteke feed sidan 12 i 01.00 om natta. Noko de kan gjere noko med?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Den siste EG fekk er om Jannecke, altså frå nokre få minuttar sida. Det synest å vera ok hos oss.

Gjest Erling Utne
Skrevet

Outlook 2007 seier at det kan vera at adressa peikar på ein 'invalid' rss feed. Rart, dette har funka i to månader no. Kanskje kjem feeden att like brått som han forsvann...

  • 1 måned senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

No kan eg ikkje lese korkje arkiv eller brukarforum i korkje FeedReader eller Outlook 2007. Noko de kan gjere noko med?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Nei. Det er noko du kan gjera. Feeden er flytta frå digitalarkivet.no til da2.uib.no. Det står i eit tema eg oppretta i går.

Gjest Erling Utne
Skrevet

Takk! Da funkar FeedReader att. Outlook 2007 seier framleis at Brukarforum-feeden er 'invalid'.

  • 11 måneder senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

Eg slit framleis med RSS. Eg har heilt gjeve opp Outlook 2007. Der kan eg ikkje lese brukarforum, og arkivforum er ustabilt. Feedreader les feeden, men berre til og med v3.09. Seinare versjonar held ikkje orden og lastar mange meldinga omatt. I følgje http://www.feedvalidator.org er det nokre feil i feeden både frå arkiv og brukarforum. Er dette nok de kan sjå på og om mogeleg ordne?Alt dette i håp om å effektivt kunne lese _alt_ av interesse på diskusjonsforuma.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Eg er ikkje komen lenger enn til Feedreader 3.09 og sidan den handterer ting greitt har eg ikkje brydd meg med å sjå meir på RSS. Men eg skal ta meg ein runde så snart eg rekk på det.

  • 8 måneder senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

Eg har ikkje motteke noko frå nokon av rss-straumane siste døgeret. Fungerar dei?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Nei. Då eg igår hade trøbbel med programmet slo eg av saker og ting og gløymte å slå dei på att. Men no er det gjort. Så no børdu få straumane dine.

  • 7 måneder senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

Ref innlegg 15:Eg vonar du snart har tid til å sjå på RSS straumane særleg då Arkiv og Brukar. Så langt er det berre FeedReader 3.09 som taklar desse. Dei andre lesarane eg har brukt slit med å forstå straumane og følgjeleg vert det mykje feil om dei i det heile klarar lese straumen. Eg les mange RSS-straumar men så langt er det berre straumane frå Digitalarkivet som valdar vanskar.

  • 2 måneder senere...
Gjest Anette Skogseth Clausen
Skrevet

Manglende feed fra Nyhetsmeldingene er nå på plass.Feed fra foraene Arkiv og Brukar er i full funksjon og lar seg fint importere i Outlook.

Gjest Erling Utne
Skrevet

Eg har framleis same problemet med feed frå arkiv og brukarforumet.

Gjest Anette Skogseth Clausen
Skrevet

Feeden fra arkiv-og brukarforumet validerer, om enn med noen kommentarer.Jeg får hentet feeden inn i Outlook 2007, i nettlesere og Feedreader 3.14. Den oppdaterer seg som den skal, den viser meldingene, og lenkene virker som de skal.Hvor prøver du å lese feeden? Får du feilmeldinger?Hvordan er det med feed fra de andre debattforaene? f.eks. [url="http://da2.uib.no/kyrkje.xml>http://da2.uib.no/kyrkje.xmlog forsåvidt også nyhetsmeldingene http://digitalarkivet.no/meldingar.xml og gårdsbilder

Gjest Erling Utne
Skrevet

Outlook krasjar etter ei stund. Eg har avskrive den som lesar av RSS. Hovudproblemet er at meldingar kjem omatt mange gonger. Etter ei veke med fin flyt kjem det brått fleire hundre meldingar som vart posta for dagar og veker sidan. Det kan også vere einskilde meldingar som går att mange gonger. Meldingane kjem heller ikkje alltid i rett rekkjefølgje og eg manglar no og då meldingar. FeedReader 3.14 har eg ikkje prøvd. Den siste versjonen som funka 'så dær' var 3.09. No brukar eg RSOwl og har lært meg å leve med problema. Eg les 40-50 RSSstraumar og det er berre Digitalarkivet sine som er problematiske.

  • 9 måneder senere...
Gjest Erling Utne
Skrevet

Eg har igjen store vanskar med straumen frå brukarforum. Det er berre nokre få program som godkjenner straumen og desse programma gjev meg tidvis oppatt dei same innlegga.W3C (http://validator.w3.org/) vil ikkje godkjenne brukar.xml men godkjenner arkiv.xmlEr det råd å få gjort noko med brukar.xml slik at straumen let seg bruke i fleire program og vert meir stabil?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.