Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#40765] Jakob Johannesson Olderkalv på Vangsnes, kvar vart det av huslyden?


Recommended Posts

Gjest Alf Strand

I 1865 bur 'gaardbruger, selveier, kirkesanger og skolelærer' Jakob Johannesson Olderkalv på garden Vangsnes i Balestrand prestegjeld. Han var fødd i Solund i dåverande Eivindvik prestegjeld. Saman med han budde kona Anna Hansdtr. og borna Johannes, 16 år, og Johanne ,29 år. Ingeborg Kristensdtr.den 2 år gamle dottera til Johanne budde der og. Kan nokon fortelja meg kvar det vart av denne huslyden? Eg treng og giftarmålsdato for Jakob. Kven var Anna Hansdtr.? Kvar var ho frå? Og hadde dei fleire born? Takk. Alf

Gjest Terje Sande

Eg har registrert et de ble gift 5.1.1836. Dette basert på opplysningene i Fylkesarkivet, der de har bosted Thue i Balestrand ved vielsen. Eg har ikke forsøkt å finne hennes opphav.Hos Fylkesarkivet finner du at de i alle fall hadde to døtre til - en av de født på Olderkalv.

Gjest Odd Brede

Her er nok dåpen til AnnaIGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0ANNA HANSEN FemaleEvent(s): Birth: Christening: 28 SEP 1806 Leikanger, Sogn Og Fjordane, NorwayParents: Father: HANS PEDERSEN Family Mother: SYNNEVE ROGNALDS DRMessages: Extracted birth or christening record for the locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the birth or christening date.og her finner du foreldrene i 1801 LenkeOdd Brede

Gjest Alf Strand

Tusen takk til Odd og Terje som har hjelpt meg eit godt stykke på veg i arbeidet med denne huslyden. No saknar eg berre opplysningar om dei tre jentene i familien; Johanne f. 6/10 1837, Synneve f. 21/1 1843 og Hansine f. 12/1 1846. Kanskje nokon kan hjelpa til med det og?Alf

Gjest Marit Rambjør

Dette må vera vielsen til dei tre jentene. Synneva står i Fylkjesarkivet sin database oppført som 30 år gamal altså født ca 1843 ikkje 1833 som står som fødselsår her.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=sognvigd&gardpostnr=19268&merk=19268#ovre>LenkeLenke

Gjest Alf Strand

Tusen takk til Marit! No har du hjelpt meg slik at eg fann desse damene i 1900-teljinga og: Hansine i Bergen, Synneve på Framnes og enkemannen etter Johanna på Vangsnes. Så gjeld det å finna etterkomarane deira. Litt spesielt dette at ein mann frå kysten busette seg lenger inne i Sogn på 1800-talet, du finn ikkje mange slike. Flyttestraumen gjekk andre vegen.Alf

Gjest Marit Rambjør

Finn til saman 7 barn til søstrene født i Balestrand.Johanne får 21/9 1869 Simon, 11/4 1871 Jakob, 29/6 1874 Lasse, 18/3 1878 Britha.Hansine får 22/11 1874 Guri, 9/9 1876 Jakob AndreasOg Synneva får 29/7 1877 Ole.Det er planlagt eit nytt hefte, nr5, i serien om ”Gards og ættesoge” for Vik. Så vidt eg veit blir Vangsnes omtala der.Du har nok rett at dei fleste flytta andre veien, men så var han jekteførar. Og reiste nok mykje inn og ut Sognefjorden. Det var ikkje berre på 1800 talet at folk flytta ut til kysten. Også seinare veit eg om ein god del personar som reiste både til Gulen, Nordhordland og Askøy. Har blandt anna fleire i nærmaste familie som flytta både til Gulen og Masfjorden og elles rundt/til dei fleste etter 1900. Bergen.MVH Marit

Gjest Marit Rambjør

Det blei litt tull på slutten av forge innlegg. Skal vera.Det var ikkje berre på 1800 talet at folk flytta ut til kysten. Også seinare veit eg om ein god del personar som reiste både til Gulen, Nordhordland og Askøy. Har blandt anna fleire i nærmaste familie som flytta både til Gulen og Masfjorden og elles rundt/til Bergen.Dei fleste etter 1900.

Gjest Marit Rambjør

Hei igjen Alf ! Eg sat å såg litt Masfjordboka då eg kom over noko intresant under utflytte frå Sandnesneset s 598.Reknar med at du har boka sjølv men her kjem kort versjonen.Far til Lars Olesen , Ole Trondsen Sandnes f. 1783 på Sandnesneset, budde først i Bergen seinare på VANGSNES. Av barna er kunn Lars nemnt og at andre kona hans heite Synneve Jensdtr.Barsnes. Ingen barn til Synneva Jakobsdtr. er nemnt. Ser at tredje kona til Ole, Brita Larsdtr. Tveit, bur på Vangsnes hos Lars i 1900.MVH Marit

Gjest Mary-Ann Hersvik Strøm

Hei Alf og takk for god hjelp mang en gang. Nå flytter jeg hjem til Solund og kommer til å engasjere meg i sogelaget en tid. Har veldig lyst til å prate med deg om det jeg sitter med av materiale og visjoner... kunne du sende meg din epostadresse til min: maryann@stepahead.noMvh Mary-Ann

  • 9 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik

Alf,Kaarmand og pensjonist Jakob Olderkalv d. 1879 (nr. 4):Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Vangsnes i Vik, Klokkerbok nr. C 1 (1853-1879), Døde og begravede 1879, side 40.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6945&idx_id=6945&uid=ny&idx_side=-33>LenkePermanent bildelenke:

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.