Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#46662] Inger Ingemorsdtr. på Voss 1865, kven var ho?


Recommended Posts

Gjest Alf Strand
Skrevet

I 1865 bur på garden Hadleberge på Voss husmann med jord Mikkel Nilsson , 54 år gammal saman med kona Inger Magrette Ingemorsdtr, 66 år og fødd i Bergen. Kan dette vera den Inger Ingemorsdtr. som vert fødd 13/7 1801 i Bergen med foreldre Ingemor Fredrikson og Grete Andersdtr., eller er det ei anna? Kan nokon finna ut kva tid Mikkel Nilsson og Inger Ingemorsdtr. var gifte? Hadde dei born? Viss dette er den Inger eg er på jakt etter, hadde ho ein son Eilert fødd i 1826. Kom han og til Voss?Alf Strand

Gjest Alf Strand
Skrevet

Tusen takk for hjelpa. Dette er rett person, i alle fall heiter faren hennar Ingemor Fredriksen, og det finst ikkje mange med det namnet. Sonen Niels Michael finn me som tenestedreng på Bryn på Voss i 1865. Men så var det sonen Eilert Rasmusson. Eg har framleis ikkje funne spor etter han.Alf

Gjest Berit Knudsen
Skrevet

Iflg. FS ble Eilert/Ellert f.25/6 og dpt.2/7 1826 i Gulen SF. Foreldre Rasmus Johannesen og Inger Ingemorsdatter. Men dette hadde du vel kanskje fra før.Bare et forslag til hvor det ble av Eilert Lenke

Gjest Alf Strand
Skrevet

Takk ein gong til! Jau, eg hadde fødselsopplysningane om Eilert, men eg har ikkje funne meir om han. Kan nokon sjekka om det er den 'rette' Eilert som døyr 1861? Og kvar blei det av sonen Niels Michael etter 1865?Alf

  • 9 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Frå Vossaboki IV:'Mikkjel Nilsson f. 1812, nemnd ovanfor, g. m. Ingjerd Ingemannsdr. frå Bergen, hadde plasset Hadlabergje frå 1850, der dei båe døydde 1881. Han var mange år feiar på Vangen og gav seg ofte til å spå um været.'Og 'ovanfor' står følgande:'Nils Mikkjelson, g. m. Synneva Olavsdr. fekk borni Mikkjel f. 1812, umtala nedanfor, Olav f. 1819 og Knut f. 1822. Synneva hadde og ein son Nils Larsson, g. m. Guro. Han arbeidde fyrst hjå ein engelsmann Sterling i Fana og hadde seinare smidje på Store Midtun i Fana. Nils var altmogelegmann, meistersmed, arbeidde byrsor, rokkar, vølte klokkor, støypte metall o. 1. Nils Mikkjelson døydde 1843, 70 år gl. og Synneva 1853, 79 år gl.'Henta frå: Lenke

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Mikkel Nilsson Bryn fekk iallefall ein uekte son i Bergen: Lenke &

Gjest Alf Strand
Skrevet

Takk til Gisle. Då er me komne eit steg vidare. I mellomtida har eg funne ut at det er son til Inger som døyr på hospitalet i 1861, innlegg 5. Då står det att å finna opplysningar om sonen Nils Michael.Alf

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Stemmer det Alf,Eilert var konfirmert i Kinn, ref. nr 20 her: LenkeMVH Gisle

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

...uffda, nr. 40 skulle det vere...

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Sonen Nils Mikal ved FT1865: LenkeHan er ikkje å finne i FT1875 for Voss.Eg har heller ikkje klart å finne han gift i Voss.MVH Gisle

Gjest Alf Strand
Skrevet

Det var synd. Kvar har han då blitt av?. Eg forstår det slik at han ikkje er nemnd i bygdeboka heller?Alf

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Hei Alf,Etter litt krysssøk har eg no funne:1) Nils Mikkelsen Bryn (Veiarbeider) gifte seg i Lærdal 17.12.1868 med Guri Johannedtr (f. 1838, 1843, 1846) frå Lærdal. Truleg ho vi finn under Skorppen i Tønjum sokn. FS IGI: [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100067919152&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke (men dette må sjekkast). Dei fekk i alle fall ein son Johan Nilsson f. Ljøsne 19.1.1869 (også i Lærdal). Men truleg fekk dei fleire born i Lærdal før dei flytte til Voss ein gong etter 1875.2) Guri N. Bryn ved FT1900 Voss: Lenke3) Ho dø i 1916:

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Lenka til FT1900 i (19) gir familien til Johan N. Bryn!!********Her er sonen f. 1893:Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss i Voss, Ministerialbok nr. A 21 (1887-1903), Fødte og døpte 1894, side 105.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4535&idx_id=4535&uid=ny&idx_side=-108>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 17**********Her er dottera f. 1897:Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss i Voss, Ministerialbok nr. A 21 (1887-1903), Fødte og døpte 1897, side 157.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 62**********Og sonen til Inga f. 1900:Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss i Voss, Ministerialbok nr. A 21 (1887-1903), Fødte og døpte 1900, side 204.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Giftermålet i Lærdal i 1868:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 15 (1853-1877), Ekteviede 1869, side 42.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8407&idx_id=8407&uid=ny&idx_side=-42>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 19Far til brura er Johannes Jakobsen og dermed skal Guri vere f. Ljøsne i 1839. Ref. søk på Fylkesarkiv.no sine databasar.*********Sonen Johan f. 1869:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 12 (1867-1877), Fødte og døpte menn 1869, side 13.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Den siste lenka er til Lasse f. 1872.

Gjest Alf Strand
Skrevet

Eg er imponert over alle opplysningane du Gisle har funne fram til. Eg hadde omtrent gitt opp håpet om å finna noko meir om Nils Mikkelson. No får eg prøva summa meg litt og systematisera opplysningane. Tusen takk!Alf

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.