Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#48972] Tysnes kultursaga bind1


Recommended Posts

Gjest Helen Waardal
Skrevet

I Kultursaga fra Tysnes bind 1, side 396 skal det være et avsnitt om Jacob Larson. Ønsker å få kjennskap til hva det er som står skrevet om Jacob. Mvh Helen Waardal

Gjest Aud Folgerø
Skrevet

Her er det som står om Jakob Larson eller Sle i Uggdal:'Hans Jørgensson (Onarheim) åtte mange gardar, og når han drog kringo og krov inn landskyld og pengerenta, hadde han den uskikken å rida rett inn i stovene til folk med hesten sin, og han må ha sett pris på hesten, for når han skulle ha mat, sessa han seg sjølv med eine bordsenden medan hesten fekk mat ved den andre. Folk har vel tykt om dette berre måteleg,og då Hans ein dag kom til ein annan gubbe. Jakob Sle eller Slede i Uggdal, ville han gjera det på same vis. Men Jakob var ikkje den som ville finna seg i slikt. Han var sjøl av gamal stormannsætt og sat på si odelsjord som han i allfall åtte noko av, difor kjende han seg like byrg som Hans på Onarheim, om denne åtte meir. Då Hans kjem ridande på hesten inn i stova på Uggdal, rann sinnet i Jakob so han reiv ned ei børsa på veggen og brende laus på Onarheim-gubben. Til all lukke for Jakob kom kona hans inn kovedøra og slo til armen åt Jakob med same han skaut, so kula gjekk i taket. ---Då dei for 80-90 år sidan reiv eldste stova der på garden fann dei ei kula i eine bjelken.' Litt av en hilstore. Hilsen Aud

Gjest Helen Waardal
Skrevet

Ja, dette var litt av en historie. Jacob var heldig som hadde en så snartenkt kone. Tusen takk for hjelpen, Aud. Hilsen Helen

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.