Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#75087] Karen Pernille Trulsdtr. frå Batalden i Kinn pr.gj. Levde ho i 1900?


Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

Karen Pernille f. 17/2 1845. Flytta til Arnevåg (truleg ved Vik i Sogn) i 1871. Det er mogleg at ho døydde på Valen asyl 26/4 1922 (kan diverre ikkje hugse kva kjelde eg har det frå). Har ikkje funne Karen i FT 1900, så det kan vel hende at ho døydde før.Mvh Torbjørn

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Hei Torbjørn.Ja desse 'trulsane' har det no med å forsvinne. Godt at tippoldefar min klarte å halde seg i ro.Eg ser at fylkesarkivet opererer med at ho flytta til Arnevig (eg har ikkje sett orginalreg. for flyttinga). Det skulle kanskje peike på Fjellberg i Hordaland, men eg finn ho ikkje der.Finn ei i Bergen i 1875 fødd 1848. Så vidt eg kan sjå er det ikkje fødd nokon Karen Trulsdtr i Kinn i 1848. Kan det være ho?Lenkemvh Egil

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

Eg er iallefall kome lenger, Egil!Det er vel sannsyleg at det er ho i FT Bergen i 1875, for det vart ikkje fødd Karen Trulsdtr. i Kinn i 1846, 1847, 1848, 1849, 1850 og 1851 (så langt eg sjekka no)Hugsar som sagt ikkje kvar eg fann at det kanskje var ho som døydde på Valen asyl i 1922, men skal prøve å finne det igjen :-)Arnevig, er det forresten det same som (Indre?)Arna i dag?Helsing Torbjørn

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Det er nok snakk om garden Arnavik på Halsnøy (Fjellberg kirke ligg på naboøya). Halsnøy ligg i dag i Kvinnherad kommune så vidt eg forstår det (Geografien i dette området er ikkje heilt på topp, men Norgesglasset viser i alle fall til denne garden når eg søker på Arnavik, og det ser då ut til å høve bra)mvh Egil

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Beklager, Geografien på Halsenøy er sikkert heilt på topp den, men geografikunnskapen min i området er det litt verre med.mvh Egil

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Når eg les orginalen, så er eg einig med deg i at det ser ut som det står Arnevaag. Eg klarer ikkje å finne dette stadnamnet verken i Fylkesatlas, Norgesglasset eller i folketellingane.Men i FT for 1875 for Bergen finn eg fem personar som er fødde i Arnevaag sokn 4 ut av dei frå Haus prestegjeld og ein frå Lane? (Fana?). Det er dei einaste registreringa som opererer med Arnevaag, som eg kan finne. Indre Arna ligg vel i Haus prestegjeld, så då har du nok rett i plasseringa.mvh Egil

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

Arnevaag er vel eit namn som er litt 'hemmeleg', kan det sjå ut til.Fans det fabrikk eller ein anna stor arbeidsplass i Arna (Indre eller Ytre Arna) på den tida, mon tro?Helsing Torbjørn

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Ei anna oppføring på sonen Oscar Johan; Lenke.Kvar vart det av Georg Bay?

Gjest Arnfrid Mæland
Skrevet

Arnavågen ble brukt om stedet, Arne Fabrikker. Her er hjemstavnsforhøret av Karen Pernille i 1878 Lenke

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

Mange takk, alle gode hjelparar! :-)Ser eg har litt å lære når det gjeld å gjer seg bruk av alle tilgjengelege kjelder!Eg må fyrst prøve å finne ut kvar eg har datoen 26/4 1922 frå (innlegg 1)Helsing Torbjørn

Gjest Arnfrid Mæland
Skrevet

Siden Oscar Johan dør av syfilis 5 mndr gammel antar jeg at minst en av foreldrene hadde sykdommen ved unnfangelsen/fødselen.

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Gisle (12)Eg er usikker på om det er hensiktsmessig å prøve å følge Georg Bay, men vi kan prøve å sjå om det gir noko resultat.FT 1875 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f71301&personpostnr=10478&merk=10478>LenkeHeimstavnprotokoll 1878 - då oppgitt som Johan Georg Bay LenkeDåpen 1878 (oppgitt som Jørgen Bay) LenkeUt frå opplysningane i 1875, finn eg han her med foreldra i 1865 LenkeVi snakker då om ein Johan Georg Pettersen Bay f. kring 1848-1855 i Hole Prestegjeld (Ringerike).Då har vi han her i 1850 (nr 1) Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Hole, Klokkerbok nr. I 2 (1842-1878), Fødte og døpte 1850, side 26. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Gjest Arnfrid Mæland
Skrevet

det mangler noen sider i Hjemstavnsprotokollen akkurat der Bay skulle stå.Ser av KB at Karen Pernilles foreldre var Truls Sørensen og Judith Pedersdatter. Vet vi når de døde? Skifter?

Gjest Egil Russøy
Skrevet

Så vidt eg har registrert, dør Truls Sørensen i 1848. Ellen Juditte døde i 1882. (sjå også innlegg 66334). Eg veit ikkje om det er skifte etter ho, men det har kanskje Torbjøn sjekka.Torbjørn: Har du forresten funne atte Anne Marie Trulsdtr?mvh Egil

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

Nei, har nok ikkje sjekka skiftet etter Elen Juditte Pedersdtr.. Trur forresten ho døydde 29/10 1882 med bupel Skorpeidet, stemmer det med dine papirer, Egil?Har heller ikkje kome så langt at eg har funne att Anne Marie Trulsdtr. (f. 17/3 1847) etter 1875.

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Hei!Eg har heller ikkje funne att Karen Pernille og Anne Marie etter 1875. Eg er heller ikkje sikker på kva tid foreldre døde.Finn dei ikkje her; Lenke, så då er vel truls død før 1855 og Elen Juditte etter 1885?

Gjest Gisle Hersvik
Skrevet

Beklager, fann EJ som du Torbjørn nemnde i (20). Sjå Lenke.

Gjest Torbjørn Hillersøy
Skrevet

har ikkje funne andre døde i Kinn som passer til Elen Juditte frå Batalden.har hatt mine timar på statsarikivet (i predigitalarkivsk tid), ja, og gått igjennom alle krk. bøker for Kinn fleire gonger. Eg vil seie at det er ganske sikkert at dei ikkje døydde i Kinn, men 100 % sikker kan ein vel aldri bli.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.