Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#77646] Ordforklaring: Kvitila kva er det?


Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

'Det var kvitila i sluffa, i tillegg var vi godt vinterkledd'.Eg lurar på om det kan vera eit pledd/teppe?Eg har søkt på nettet, men ikkje fått noko treff.

Gjest Arne Solås
Skrevet

Det menes kanskje 'kvitel' - et sengeteppe vevd av ull.

Gjest Sigbjørn Sandsmark
Skrevet

Det er ullteppe,helt rett som Solås skriver.Og flertallsformen blir da kvitler.

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Tusen takk, det var noko sånt eg trudde, ja :-)Det er ei dame som eg tidligare har hjelpt med slekta hennar, ho held på og overset ei bok forfatta av ein utvandrar. det er skrive på eit ganske 'gammalt' språk. Så det visar seg at eg og har problem sjølv om det er norsk :-))

Gjest Marie Skålnes
Skrevet

Eg seier sjølv kvetel og høyend om ullteppe og hovudpute, men det er ikkje så mange på Bømlo som forstår det...

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

:-))Det skjønar eg!Ann i Amerika skjøna ikkje kvifor ho ikkje kunne finna det i sin dictionary ;-))

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

Torp seier også at kvitel er sengeteppe eller ullteppe. Han oppgjev whittle som det engelske ordet for det same.

Gjest Hans Myhre
Skrevet

Da er Torp dårlig i Engelsk, whittle er et verb og betyr spikke.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Ordet kvetel kan også setjast saman med andre ord og brukast som skjellsord. Oppfører du deg skikkeleg dumt her i mi bygd kan du risikere å bli kalla 'din staurkvetel'.

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

Hans (7)Kor dyktig Alf Torp var i engelsk tør eg ikkje ha noko formeining om, men reint generelt trur han han var ein dyktig språkmann. Den etymologiske ordboka hans kom ut i 1919, så så ordet whittle kan nok tidlegare også ha hatt den engelske tydinga som Torp hevdar.

Gjest Harald Søren Storaker
Skrevet

Torp hadde nok rett. Ord kan ha mange betydninger. Google gav dette svaret: Whittle (a) A grayish, coarse double blanket worn by countrywomen, in the west of England, over the shoulders, like a cloak or shawl. --C. Kingsley. (b) Same as Whittle shawl, below. [1913 Webster]Whittle shawl, a kind of fine woolen shawl, originally and especially a white one. [1913 Webster]

Gjest Elin H. Skibenes
Skrevet

Tenkjer alltid på Jacob Sande sitt dikt om vesle Daniel når eg høyrer/ser ordet kvetel. :-)' Mjukt og varleg stryk ho dyffelstrøya som skal pryde Daniel i land, og eit dobbelt kvitlepar for køya legg ho ned med kjærleg moderhand.'

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Tusen takk for alle bidrag :-))

Gjest Are S. Gustavsen
Skrevet

Kan det være en språklig sammenheng mellom 'kvitel' og det i USA mye brukte 'Quilt'?Mvh Are

Gjest Torodd Kinn
Skrevet

Til 14: Neppe. Engelsk 'quilt' kjem via fransk frå latin 'culcita', som tyder 'madrass, pute'. Dette if. Webster's.

Gjest Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

(14): det ser ut til at svaret er nei.ifl 'Oxford English Dictionary' (den store) kjem 'quilt' frå Anglo-normannisk (skrive m.a. coilte, keulte, quilte, qwilte) og eldre fransk (coilte, cuilte), med opphav i klassisk latin. Liknande ord i portugisisk, oksitansk, katalansk, spansk m.m.Norsk kvitil svarar til 'Whittel' (framleis i OED):'Forms: hwitel, whitel, wytel, wytele, whittel, whittle. [OE. hwítel, corresp. to ON. hvítill white bed-cover (Norw. kvitel blanket); f. hwít WHITE a. -EL1, -LE.'

Gjest Are S. Gustavsen
Skrevet

Takk for forklaringer på Quilt. Da avskriver jeg min første innskytelse.Mvh Are

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.