Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#78758] Kvar gjette Adam?


Recommended Posts

Gjest Mads Langnes
Skrevet

Frå heimbygda mi Holm i Rauma kommune kjenner eg uttrykket: 'Det var på den tida at Adam gjette på Indre-Herje'. Frå same kommunen kjenner ein også tilsvarande uttrykk frå garden Sauset; 'Det var på den tida Adam gjette på Sauset'.Er det nokon som kjenner same uttrykket frå andre stader i landet? Eller har menneskefaren Adam berre vore gjetar i Indre Romsdal?Helsing Mads Langnes

Gjest Gunnar Sigdestad
Skrevet

Svigerfaren min er frå Indre-Herje, og så vidt eg veit har det ikkje vore nokon Adam der i alle fall. Det er nok eit uttrykk à la 'Arilds tid'.

Gjest Ruth Gaustad
Skrevet

Har ei lita bok som heiter 'Da`n Adam gjette på Gåsøy`n' utgitt på Dalegudbrands trykkeri, Tretten. Veit ikkje kor gamal boka er, men tippar frå eingong på 1950-60 talet.Det er ei sætergrend nørdst i vestre dalføret i Gausdal som heiter Gåsøya, og når gausdøler har vore der på tur så heiter det: vi har vore på Gåsøy`n. Undres på kor namnet kjem ifrå, gås var/er vel ikkje vanleg i fjellet i Gausdal?Mvh.Ruth

Gjest Mads Langnes
Skrevet

Ja, det er klart at dette er eit uttrykk som ikkje peikar attende på ein brukar som har heitt Adam, men at uttrykket på eit noko humoristisk vis peikar attende til 'Arals tid' og at garden har ei lang historie.

Gjest Marie Skålnes
Skrevet

Her på Bømlo seier dei 'då Adam tente i Røyksund', om ting som hende for veldig lenge sidan. Trur eg har høyrt det om andre geografiske namn og.

Gjest Endre Holten,
Skrevet

Gamalt uttrykk frå heimtraktene: 'på den tida han Adam for nordom! '-endre.

Gjest Sigbjørn Sandsmark
Skrevet

Det var på den tia da Adam gjekk i knebukser.

Gjest Thorbjørn Granlund
Skrevet

Hei. Her i Osen sa de gjerne : ' da`n Adam gjette på Tverenmoen' ( en gard i Osen ). Eller så sa de jo også ' å vise døm å hen han Adam kjøpte ølet.' Thorbjørn.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Her hos oss gjekk Adam i kjole, slik alle smågutar gjorde til dei var 'tørre' og kunne få bukse. Far min brukte uttrykket ofte. Ølet var det vel David som kjøpte?

Gjest Helge Hålåsæter
Skrevet

Hvor lenge var Adam i Paradis ?

Gjest Knut Sandblost
Skrevet

Vi er alle Adams børn. (Anne Mellum er vår moder)

Gjest Reidar Oddløkken
Skrevet

(10) Da er vi tilbake til Gjest Baardsen da, mener at i den visa så finnes 'Hvor lenge var Adam ud`i Paradis', eller husker jeg feil?

Gjest Mariann Stokken
Skrevet

Til Marie i (5): Det er ikkje berre på Bømlo dei seier så, eg og er vaksen opp med det, på naboøya Stord :-))(sidan eg bur på vestsida, var det vanleg å ro til Folderøy/'Fodlerøyo' å handla, så det var jo ikkje så langt til Bømlo :-))

Gjest Helge Hålåsæter
Skrevet

Reidar, du siterer helt korrekt fra Fjellvisa.

Gjest Marie Skålnes
Skrevet

Det er så lenge sea som n`Adam tente på Skari å a Eva var i legd på Kjos' ...Dette er frå Hadeland.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.