Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#78968] MR Rafteset i Herøy 1801 - hjelp til identifisering?


Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Ja, han fann eg nyleg sjølv, men eg lurer på om der kan vere andre som er døde tidleg, sidan der er fleire 'ledige plassar' i barnerekkja; 1779, 1785, 1787, 1791 - ?

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Eg har fått tips om at også eit anna 'sakna' par i Gloppen var på Rafteset ein periode - Ola Samsonson Sande og kona Eli Jørgendtr som forsvinn frå Gloppen ca 1772. Kva seier Herøyboka om dei?

Gjest Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

(28) Det stemmer...b.3 s. 86 (Rafteset bnr.1): Brukar 1772-1781, 'Ola Samundson Sunde(?) 1724 g. Eli Jørgensd. 1731-1779. Born Anne: 1763, Samund 1765, Mons 1767, Anne 1774. Skøyte frå prost Peder Nerem 1773 på Rafteset med Gullura, Bymannen, Flatøya og Garvika for tils. 150 rdl.' (Garvika (=Ormenes) er eige matrikkelnr.). Det er ikkje sagt noko meir om kvar Ola eller borna vart av. Venteleg er Eli d. i Herøy. Alderen på borna f. før 1772 må vel kome frå eit skifte dersom dei ikkje er fødde i Herøy.Neste brukar 1781-1812 er Kristoffer Gullikson Fjelle og Anne Larsd. (ovanfor) Dei bygslar av Hans Larsson Eide. (- altså så må Ola ha selt garden i mellomtida).

Gjest Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

(30): Skiftet etter Eli inneheld det meste av opplysningane i bygdeboka. Det og skjøtet på garden (1773) er sannsynlegvis hovudkjeldene for bygdeboka. Dersom du finn innførsla i panteboka/-registeret der Ola (evt. arvingar) sel garden igjen, kan det seie noko om kvar Ola gjorde av seg.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Takk for tipset!

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Ein liten parentes: Ola Samsonson vart far til 10 born men overlevd av berre 3. (Han var 66 år då han døydde).

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.