Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#79669] Aleksander Nikolai Eriksen / Engli frå Rana til Bergen. 1914


Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Eg etterlyser Aleksander Nikolai Eriksen eller Engli f. 12.06.1890 på Nedre Gruben i Rana av foreldre Erik Andreas Mikkelsen og Dorthea Mikkelsen. Foreldra tok familienamnet Engli, men eg er usikker på om alle barna brukte det namnet.Her er dåpen hans Lenke der er det anført atter det eg forstår at han flytte til Bergen 1914.Er interessert i opplysningar om bopel og evt familie.

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Her er konfirmasjonen hans nr.11 Lenke

Gjest Ann-Mary Engum
Skrevet

Din mann?Finner en Alexander Nikolai Eriksen som døde 20 mai 1916 i Bergen: Lenke

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Takk, då får eg finne ut av kva for eit kyrkjesokn han er begraven i.

Gjest Lars Johannessen
Skrevet

Kandidat: Alexander Mikkelsen, født 12.06.1890, død 13.07.1956 i Kvinnherad (fra DIS gravminner). Han kan jo ha tatt farens etternavn.

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Det kan absolutt også være ein sterk kandidat (6), fødselsdatoen passa iallefall.

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Eg har lagt inn forespørsel i Arkivforumet om dødsmelding for Alexander i Kvinnherad så får vi sjå kva den seier.

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Då har eg fått svar på kva som stod i dødsmeldinga 1956: ' Han døde på Toftevåg i Eid sokn, Fjelberg prestegjeld, het Aleksander Nikolai Mikkelsen, var født i Mo i Rana 12. juni 1890, var smed, og etterlot seg enke Elise, datter Ruth Bjerga i Sandnes og sønnen Arne Mikkelsen i Fjelberg. '*** ***Då er det bekrefta at det er rett mann og at han brukte familienamnet Mikkelsen.I og med at han vart begreven i Kvinnherad er det vel mest truleg at det var der han var busett.

Gjest Elin H. Skibenes
Skrevet

Eg trur nok han var busett i Eid sokn. Men i 1964 vart Eid sokn overført til Kvinnherad. 'Ved dept.brev av 12.08.1963 vart Fjelberg lensmansdistrikt oppløyst og overført til Kvinnherad og Ølen, gjeldande frå 01.01.1964.'1 1948 hadde han branntakst på eigedomen sin: Lenke

Gjest Harald L. Bakke
Skrevet

Takk skal du ha for den opplysninga! :)Godt å få hjelp frå meir lokalkjende folk i eit for meg ukjent område.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.