Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#82013] Bygdebok for Ullensvang


Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

Eg undrast på om det er laga bygdebøker for Ullensvang herad i Hardanger. Det er særskild Bleiegardane i Sørfjorden eg er ute etter

Gjest Kjell-Arne Mellum
Skrevet

HeiDet står om Bleie gårdene i 'Odda, Ullensvang og Kinsarvik i ny og gammel tid' bind IV/I av Olav Kolltveit.

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

Hei og takk for svar. Veit du om dette er dei einaste bygdebøkene for dette området?

Gjest Arne Gjerstad
Skrevet

Hei.Det er også Åmund K. Bu sine ættebøker, men dei er eldre, frå omlag 1930-40. Olav Kolltveit sine bøker er frå 1960 talet.Arne

Gjest Arne Gjerstad
Skrevet

Retting til (4)Kolltveit sine bøker er frå 1960-70 talet. Den ovf. nemde bok IV.1. er frå 1971.Arne

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

OK. I denne samanhengen er det mest gardshistoria eg er interessert i, - i mindre grad slektshistoria.

Gjest Arne Gjerstad
Skrevet

HeiDå trur eg Olav Kolltveit (1894-1979) sine bøker er dei beste.Arne

Gjest Ann Helle
Skrevet

Hei!Eg har nemnde Bygdabok, er det noko eg kan hjelpa deg med?Ann

Gjest Finn Oldervik
Skrevet

Hei Ann og takk for tilbodet!Då dette er av meir privat karakter, så er det kanskje best vi tek det utanom dette forumet. Kan du senda meg ein E-post med adresse finn krøllalfa bioreg punkt as, så skal eg forklara kva eg er ute etter. Har prøvd å kontakta biblioteket i Utne, men truleg har dei stengt i dag?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.