Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Madam Felle , Bergen og Breim/Gloppen


Recommended Posts

På Google står der ein artikkel bygd på oppteikningar av lektor Johan Aarberg ved Knut

Gjestdal. Den er leseverdig fordi den gjev opplysningar utover dei reine slektsdata.

I dag er vi så heldige å kunna gje meir korrekte slektsdata lettvint og billeg. Her er dei eg har funne

fram til:

Rasmus Olsen Felde, f.0505 - 1782 på Innigard på Felde i Breim, for til Bergen etter 1801 og

vart slaktar der. G.1808 m.1: Bodille Ewertsens. G.1833 m.2: Randine Nilsdtr., f. kring 1780 på Voss

(folket.1865 for Bg.). Ho var enkje i 1865 og ølhandlerske i Sandviken.(Mannen d. i 1848 som

slaktermeister.) Ho er vel då den første Madam Felle. Ho hadde med Rasmus dottera Oline Randine,

som var 8 år i 1865 og d. 17 1/2 åg gl. og sonen Hans Rasmus,f.1837,matros og til sjøs i 1865.

Vidare sonen Jørgen Benjamin Olai , f.2311 - 1833, g.2507 - 1858 m. Oline Felde,f.1306-1831

i Breim, på same bruket som Rasmus var fødd. Far hennar var brorson til Rasmus: Jan Pedersen

Felde, g.m. Caroline Siursdtr. Brenne. Han var busett i Bergen og livnærte seg som bødker. (I. Bg.

fekk dei 5 born til, som vi ikkje skal nemna her.) Denne Oline bør då vera den andre Madam Felle,

den som visa er dikta om,ølhandlerske i Sandviken både i 1885,1891 og 1900. Ho d. i 1908.

Jørgen og Oline hadde sonen John Peder Felle, f.1862, matros på reise i 1885, fyrbøtar i

1887 og maskinist og enkjemann i 1891, d. i 1890. Han må vera den Jonnemann som det står om i visa. Med første kona hadde han sonen Rudolf i 1890,som d. nokre dg gl.

Slik eg les d. mora samtidig. Han gifte seg att eitt år før han døydde. Er der etterkomarar?

Dette var så langt eg kom før eg trøytna.

Skulle gjerne visst kvar visa om Madam Felle ,Jonnemanns gamle mor, er å finna.

Mvh Einar

Lenke til kommentar
https://forum.nasjonalarkivet.no/topic/184189-madam-felle-bergen-og-breimgloppen/
Del på andre sider

Eg gjorde eit søk på google ;)

Madam Felle

Kjenner dokker Madam Felle,

Jonnemann sin gamle mor,

Jonnemann sin mor.

Hon så hadde øl å selle,

ut i Sandviken hon bor,ja hon bor

Refr.

Kjenner dokker Madam Felle,

Jonnemann sin gamle moa,moa,moa,moa

Hon som hadde øl å selle,

ut i Sandviken hon boa,boa,boa,boa

No e hon dau for lenge siden,

Jonnemann sin gamle moa,moa,moa,moa

Hon som hadde øl å selle,

ut i Snadviken hon boa,boa,boa,boa

bom bomeli bom!!

  • 9 år senere...

Ifm ein annan debatt kom eg over 'madam Felle' sin son Jahn Peder Felle (Jonnemann). Eg har ingen tilknytning til denne slekta, men ser at mannen til madam Felle skal ha reist, frå kone og barn, til Amerika... ref. f.eks. https://www.nb.no/items/7c3aeb125299492cf7dda76a141bf456?page=15

image.png.aba7818b49567b68a1b9b649b6e9f6de.png

 

Ref. også: https://www.nb.no/items/b587522792665d23135e13727eaf6363?page=29

 

Er det mogeleg å finne ut kva som skjedde med Jørgen Benjamin Olai Felle f. 1833?

Endret av Gisle Hersvik
14 minutter siden, Gisle Hersvik skrev:

Takk Lars.

Eg har prøvd å søke litt på Ancestry, men har ikkje klart å finne noko meir...

Det er vanskelig å vite hva han kalte seg i Amerika. Nærliggende å tror at han brukte Benjamin, men usikkert. Felle kan også ha blitt til Fell e.l.
Du er god hvis du klarer den nøtta 🙂 Ingen har klart det på 156 år (1866)!

  • Liker 1

Hadde vore fint om nokon av DA sin gode USA-eksperter hadde klart dette 🙂
 

Ref også "Frå fjell til fjord : sogeskrift for Vassvøri sogelag. 2006 Vol. 12": https://www.nb.no/items/edbbb69f39bd7e8cc108daeb8623b3c2?page=111

 

image.png.ccc1a5be3af4010fd5cdacca85636631.png

 

Oline kaller seg enke i 1871 (kanskje finnes det tidligare kjelder for det same...).

  • Liker 2
På 28.12.2022 den 11.44, Gisle Hersvik skrev:

Hadde vore fint om nokon av DA sin gode USA-eksperter hadde klart dette 🙂
 

Ref også "Frå fjell til fjord : sogeskrift for Vassvøri sogelag. 2006 Vol. 12": https://www.nb.no/items/edbbb69f39bd7e8cc108daeb8623b3c2?page=111

 

image.png.ccc1a5be3af4010fd5cdacca85636631.png

 

Oline kaller seg enke i 1871 (kanskje finnes det tidligare kjelder for det same...).

Sjølv om ho kallar seg ekkja den 30 okt 1871 så er ho gift ølbryggjar v/ FT 1870.

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft60044857000289.jpg 


Kva står  til høgre for Gloppen ? Gift ?   Eller … 

 

Gift ølbryggeri er brukt om ho i den Transkirberte utgåva.

  • Liker 1

Takk Jon,
Det står ein 'g' (for gift), men det ser ikkje ut til at det er lagt så stor vekt på om dei andre personane er 'g' er 'ug'... Kva som står til høgre for Gloppen? Tja, det ser ikkje ut som 'gift'...

  • Liker 1
8 timer siden, Jon Sværen skrev:

Sjølv om ho kallar seg ekkja den 30 okt 1871 så er ho gift ølbryggjar v/ FT 1870.

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft60044857000289.jpg 


Kva står  til høgre for Gloppen ? Gift ?   Eller … 

 

Gift ølbryggeri er brukt om ho i den Transkirberte utgåva.

Stilling er "Ølbrygger"

Fødestad er "Gloppens Præst.[egjeld]"  

  • Liker 2
På 29.12.2022 den 23.28, Jon Sværen skrev:

Sjølv om ho kallar seg ekkja den 30 okt 1871 så er ho gift ølbryggjar v/ FT 1870.

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft60044857000289.jpg 


Kva står  til høgre for Gloppen ? Gift ?   Eller … 

 

Gift ølbryggeri er brukt om ho i den Transkirberte utgåva.



Eg meinar det står Præst.  (altså Gloppens Prestegjeld)

Endret av Harald L. Bakke
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.