Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Maria Eide, fødd i Noreg juni 1863, utvandra 1887 - kven var ho?


Recommended Posts

Frå Amerika har det dukka opp eit nytt emigrantspørsmål der eg står ganske "bom fast". Kanskje er det nokon som har tips å komma med?

 

Denne huslyden budde i 1900 på 1903 Nicollet Avenue i Minneapolis, MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120279_00065&fn=Nicholas&ln=Ferguson&st=r&ssrc=&pid=35862295):

 

TERGUSON, Nicholas May 1845 em 1870 Nor Nor Nor janitor

TERGUSON, Mary June 1863 em 1887 Nor Nor Nor wife - married 5 years – 1 ch

TERGUSON, Corina Nov. 1896 MN Nor Nor dau

 

Som me ser, skal Maria EIDE vera fødd i Noreg i juni 1863 og utvandra til Amerika i 1887.

 

Marie TORGERSON døydde i Spokane, WA 14.11.1960. Ifølgje dødsattesten hennar var ho då 97 år og fødd i 1863. Faren var ukjend, medan mori heitte Marie IDE.

 

Eide er vel eit gardsnamn me finn ganske so mange stader i Noreg, men kanskje nokre av dei andre opplysningane kan bidra til å dra kjensel på opphavet hennar?

 

Eg er interessert i:

 

* Fullt namn?

 

* Dato og stad for fødsli hennar?

 

* Utvandringsåret?

 

* Fulle namn på foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

FS viser navnet Ferguson,ikke Terguson.

Mary Ferguson in household of Nicholas Ferguson, "United States Census, 1900"

 

Name: Mary Ferguson Titles and Terms: Event Type: Census Event Date: 1900 Event Place: ED 64 Election Districts 15-16 Minneapolis city Ward 5, Hennepin, Minnesota, United States Birth Date: Jun 1863 Birthplace: Norway Relationship to Head of Household: Wife Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Race: White Gender: Female Marital Status: Married Years Married: 5 Marriage Year (Estimated): 1895 Mother of how many children: 1 Number of Living Children: 1 Immigration Year: 1887

Household Gender Age Birthplace

 

Head Nicholas Ferguson M 55 Norway

 

Wife Mary Ferguson F 37 Norway

 

Daughter Corina Ferguson F 4 Minnesota

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/M9SF-BMC

Søsken av den Marie som Carsten har funnet:

 

Ole Andersen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 25 Apr 1848 christening: 02 Jul 1848 , TINGVOLL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: 1848 Tingvoll, Møre og Romsdal, Norway

  • parents:Anders Baardsen, Karie Olsdr

 

Baard Andersen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 04 May 1850 christening: 14 Jul 1850 , TINGVOLL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: 1850 Tingvoll, Møre og Romsdal, Norway

  • parents:Anders Baardsen, Kari Olsdr

 

Ingeborg Andersen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 11 Jun 1852 christening: 25 Jul 1852 , TINGVOLL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: 1852 Tingvoll, Møre og Romsdal, Norway

  • parents:Anders Baardsen, Karie Olsdr

 

Berit Andersen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 09 Feb 1867 christening: 28 Apr 1867 , TINGVOLL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY residence: 1867 Tingvoll, Møre og Romsdal, Norway

  • parents:Anders Baarsen, Kari Olsdr

 

Kari Andersen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 16 Jan 1870 , TINGVOLL, MORE OG ROMSDAL, NORWAY

  • parents:Anders Baarsen, Kari Olsdr

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Tingvoll
  • Kommunenummer: 1560
  • Navn på bosted: Eidsløkken

 

Anders Baardsen Husfader g Husmand med Jord 1815 Ulvundeidet

 

Kari Olsdatter hans Kone g 1826 Thingvold

 

Ole Anderssen deres Søn ug hjelper Faderen paa Pladsen 1848 Thingvold

 

Baard Anderssen deres Søn Logerer ug Dagleier 1850 Thingvold

 

Anders Andersen deres Søn ug 1854 Thingvold

 

Anders Andersen deres Søn ug 1858 Thingvold

 

Johana Andersdatter deres Datter ug 1860 Thingvold

 

Marit Andersdatter deres Datter ug 1863 Thingvold

 

Bridt Jøstensdatter hendes Moder e Ophold paa Pladsen 1795 Øxendalen

 

Johana Andersdatter Logerende og hendes Datter ug Haandarbeide 1821 Thingvold

 

Johana Jacobsdatter er hendes Datter Logerende ug 1846 Thingvold

 

http://www.rhd.uit.n...nr=0023&lnr=000

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Nesset
  • Kommunenummer: 1543
  • Navn på bosted: Løkken

Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet

Anders Baardsen hf g Husmand med jord 1817 Sundalen Rom

 

Kari Olsdatter hm g Husmandskone 1826 Tingvold

 

Karen Andersdatter d ug Husligt arbeide. Kreaturstel 1869 Tingvold

 

http://www.google.no....45645796,d.bGE

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Carsten og Grethe for kjempeflotte og spennande ínnlegg!

 

Eg var i aftes innom dei aller fleste utvandringslistene frå Noreg på leiting etter Eide som ættenamn i 1880-åri, men Kristiansund såg eg ikkje på! So kan det altso ha vore der.

 

Men er det verkeleg ho?

 

* Fødselsmånaden og året stemmer

 

* Ættenamnet stemmer

 

* Utvandringsåret stemmer bra

 

MEN,

 

* Kan Marit verta til Marie? Kanskje kalla Marit seg Marie etter ho flytte til "by'n" (Kristiansund)?

 

* Og so er det førenamnet til mori, men Kari er ikkje langt frå Marie, og det faktum at einaste dotteri tydeleg må ha heitt Karen Marie, kan vera "formildande" i denne samanhangen...

 

Kanskje ville det hjelpa med stadfestingi om me kunne finna fleire søsken i Amerika og kvar det vart av dei? Eller finst det kanskje ei bygdebok for Tingvoll, eventuelt for Nesset, der denne huslyden er nemnd?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi so langt. Alt i alt ser dette svært so lovande ut!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Terje og Ann-Mary for nye og vonaleg nyttige innlegg! Eg fann ikkje noko på nettsida hans Osvald, men har no sendt han ein direkte e-mail, so får me vona at den ghamle adressa framleis fungerer og at han svarar!

 

Elles er eg sjølvsagt framleis "vaken" for nye gode tips i denne saki!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Den gamle epostadressen virket, men jeg har dessverre ingen opplysninger i basen (vel 68000 personer med hovedtyngde midtre Romsdal) om Maria Eide. Jeg har mange Eide i basen, men de fleste av dem er fra Eid nå Rauma kommune.

 

Mvh

Osvald

  • 1 måned senere...

Hjarteleg takk til Osvald for føregåande innlegg og direkte melding!

 

Eg har i dag endeleg motteke ein (dårleg) kopi av dødsmeldingi hennar Marie Torgerson frå Spokane, WA, og eg les fødselsdatoen hennar til 6-20-1863 - d.v.s. 20.6.1863. Denne datoen høver nøyaktig med den fødselsdatoen som Carsten fann for Marit Andersdotter Eide frå Tingvoll/Nesset i innlegg #2 og #3, so no er ogso eg overtydd om at Carsten har funne rett person!

 

Difor har eg no ønskje om å finna litt fleire detaljar om foreldri til Marit Andersdotter Eide, og vonar eg kan få litt hjelp her:

 

* Foreldri Anders Baardson og Kari Olsdotter var tydeleg husmannsfolk under garden Gusiås i Nesset då Marit vart konfirmert i 1878. I 1900 budde foreldri på plassen Løkken i Nesset. Er dette ein plass under Gusiås? Eller under Talset?

 

* Anders Baardson frå Sunndal og Kari Olsdotter frå Eide i Tingvoll gifte seg i Tingvoll 30.3.1848 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2289&idx_id=2289&uid=ny&idx_side=-307), og i 1865 budde dei på Eidsløkken under Eide, men var dette heimeplassen til Kari? Eller var ho frå sjølve garden Eide?

 

* Kva gard og/eller plass i Sunndal hadde Anders Baardson opphavet sitt ifrå? Garden Børset eller ein plass (kva plass?) under Børset (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWLF-7ML)?

 

Eg takkar igjen for tidlegare opplysningar og vonar at desse nye spørsmåli kan finna svar utan for store vanskar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

post-441-0-83793500-1370294612_thumb.jpg

Eg har i dag motteke ein mykje betre kopi av denne dødsmeldingi etter Marie Eide, men so får eg sjølvsagt melding om at filen er for stor til å lastast inn! Det er vel ikkje stort me kan gjera med det, men her står i alle fall heilt tydeleg at fødselsdatoen hennar Marie var 20.6.1863! Dessutan er informanten om dødsfallet oppgjeven å vera ein Lee Peters, men det er tvilsomt om han er nokon ættling. Einaste dotteri til Marie døydde jo barnlaus lenge før mor si!

 

Eg vonar framleis at nokon kan hjelpa meg med svar på dei problemi som eg nemnde ovanfor og takkar på ny!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 6 år senere...

Hei, fant helt tilfeldig disse gamle innleggene fra 2013. Regner med at dere har funnet ut av det. Men jeg kan i alle fall fortelle at dette er min oldemors søster. Født på liten plass som heter Eide ikke langt fra Eidsvåg i Romsdal. Mellom Sunndalsøra og Molde. Huset ble forresten revet nå i sommer så det ut til da vi passerte...Det finnes bilde av henne og hennesbror Anders, som også utvandret til Amerika ( og hans familie) - på min MyHeritage side: Dalviken web site (  to sider som heter det samme, men min står på Reidun

Hjarteleg takk til Reidun for eit interessant innlegg!

 

Sidan du er i slekt med Marit «Marie» Eide, har du kanskje interesse av å sjå kva eg i si tid publiserte i band X i Bygdebokserien for Luster om denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Einersdotter {Solvi}, f. {i Hafslo} 3.2.1832,

Cecelia Enerson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1845 og gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 13.6.1849 med Carl Andersson Corneliussen frå Kristiansand, i Amerika kjend som Charles Corneliusen.  Han var son av kjøpmann, tobakksfabrikant og stortingsmann Anders Corneliussen i Kristiansand, opphavleg frå Eide ytre i Stryn, og kona Martha Ouensdotter frå Byveien på Toten og f. i Kristiansand 30.12.1814, men utvandra til Amerika i 1848.  Charles var kontormann (“office clerk”), og han og Cecelia budde i Madison, Dane Co., Wis., men Charles gjekk inn som kaptein i borgarkrigen (“Civil War Captain”).  Han d. på eit sjukehus i Memphis, Tenn. 10.9.1863, og Cecelia gifte seg att i Columbia Co., Wis. 25.12.1864 med Nicolai Emil Johannesson Torgersen frå Christiania (Oslo), i Amerika kjend som Nicholas E. Torgeson, sidan som Nicholas Torgerson.  Han var son av kjøpmann Johannes Olson Torgersen i Christiania og kona Nicoline Christiane Torgersdotter f. Torgersen, òg frå Christiania, og f. i Christiania 2.5.1841, men utvandra visstnok til Amerika i 1860.  Cecelia og Nicholas tok over heimefarmen hennar i Hampden township, Columbia Co., Wis., men flytte i 1870 til ein farm i La Grand township, Douglas Co., Minn. og kring 1882 til Fargo, Cass Co., N.D.  Nicholas flytte frå kona si i 1884, men vart buande ei tid i Fargo, Cass Co., N.D. og sidan i Dalton, Otter tail Co., Minn., men forsvann derifrå i 1888 utan at kona og borni veit kvar det vart av han, og i 1889 fekk Cecelia innvilga skilsmål frå han.  Cecelia Torgeson flytte same året inn hjå sonen Albert Corneliusen på farmen hans i Columbia township, Polk Co., Minn., og ho d. i Fosston, Minn. 25.6.1915.  Nicholas, då kjend som Nicholas Torgerson, flytte til Minneapolis, Minn. og gifte seg kring 1895 att,

 

##### (dato og stad for denne vigsli?)

 

med Marit, kjend som Maria Andersdotter frå Børset i Nesset, i Amerika kjend som Marie Eide.  Ho var dotter av husmann Anders Baardson på Lykkja under Børset, opphavleg frå Børset i Sunndal, og kona Kari Olsdotter frå Eide i Tingvoll og f. på Eidslykkja under Eide i Tingvoll 20.6.1863, men utvandra til Amerika over Kristiansund i 1888.  Nicholas og Marie busette seg i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nicholas livnærte seg som vaktmeister (”janitor”).  Han d. i Minneapolis, Minn. 23.4.1918.  Marie Torgerson flytte kring 1928 som enkje til Spokane, Spokane Co., Wash. der ho d. 14.11.1960.  Cecelia fekk i alt tretten born, men to av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar.  Av dei elleve borni me kjenner til, var seks frå første ekteskapet og fem frå det andre.  Dessutan fekk Nicholas òg ei dotter i andre ekteskapet sitt:

l. Karen Marie, kjend som Marie Torgerson, f. i Hennepin Co., Minn. 21.11.1896, d. i Minneapolis, Minn. 23.11.1920.  Ho gifte seg i Minneapolis, Minn. 9.2.1916 med Carl Ernest, kjend som Ernest C. Olsen, f. i Brookings Co., S.D. 3.10.1889. 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ernest dreiv ei tid bensinstasjon (”oil station man”) i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte visstnok i 1920-åri som enkjemann med son deira til Washtucna, Adams Co., Wash. der han sidan livnærte seg som jarnbanearbeidar (”railroad worker”).  Han levde framleis i 1930 og var då på anleggsarbeid i Miles City, Custer Co., Mont.  Marie og Ernest fekk ein son i lag.

~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje sit du Reidun med fleire opplysningar, som til dømes:

 

** Dato og stad for vigsli til Nicholas og Marie?

 

** Lagnaden til Ernest C. Olsen?

 

Eg takkar so mykje for den hjelpi du eventuelt kan gje meg i denne saki!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.