Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Erik Bjørnson frå Floketveit i Etne - fødd 1806 - lagnaden hans? - bygdebokoppslag?


Recommended Posts

Dette emnet har utgangspunkt i følgjande tema

 

 

der ein av svigersønene var denne mannen frå Etne:

 

Erik Bjørnson, fødd på Floketveit i Etne 23.2.1806, gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 17.5.1846 med Anna ilhelmine Sjursdtter Dahle, fødd i Bergen 12.11.1823.

 

Erik var handelsmann fram til i alle fall 1853, og tre born er døypte i Nykyrkja:

 

* Karen Sophie, døypt 27.8.1848

 

* Peder Eduard, døypt 22.12.1850

 

* Peder Eduard, døypt 9.10.1853

 

Etter den tid forsvinn denne huslyden frå Bergen!

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Etne, eventuelt med tilgjenge til bygdeboki for Etne, som kan gjera greie for Erik Bjørnson og lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Kjell for kjapt svar!

 

So var det berre det at eg frå Tyskland ikkje har tilgjenge til denne kjelda...  Kanskje nokon kan attgje kva som står der?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Da er det vel denne familien i 1860, i Dankirk, Dane, Wisconsin https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MWMT-V3M

Trolig samme familie i 1880 i Iowa, Minie (Anna Wilhelmina) er da enke https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDLP-4FB

Endret av Lars Johannessen

Karen Sophie Bjørnsen blir konfirmert  12. april 1863 i  Koshkonong, Stoughton, Wisconsin

Peder Edvard Bjørnsen blir konfirmert samme sted 17. mai 1868

karen sophie konf 12.04.1863.jpg

Endret av Sven Hjortland

Hjarteleg takk til Kjell, Ivar, Lars J. og Sven for nye interessante og imponerande meldingar om denne huslyden!

 

Med opplysningane frå FT1860 fann eg dei att i FT1870 i Badger township, Webster Co., IA, og der var kona òg busett som enkje i 1880.  Og i kyrkjeboki for Badger Lutheran church, Ft. Dodge, IA finn eg gravferdi til Anna Wilhelmine Bjornson som døydde 9.5.1881 (årstalet er litt vanskeleg  lesa, men utifrå alderen på 57 år må det vera rett!).  Erik døydde altso mellom 1870 og 1880, men for å finna den datoen, treng me truleg hjelp frå skifteretten i kommunehuset i Ft. Dodge, IA...

 

Eg ser eitt family tree på ancestry.com som omhandlar denne huslyden, men det har svært lite opplysningar å by på...

 

Eg ser at Ivar har finne dødsfallet til ei første Karen Sophie, og ho var det kjekt å få på plass!

 

Med desse opplysningane vil eg oppdatera manuskriptet i «hovudemnet» om Sjur Andersson Dahle.

 

Eg takkar på ny for fantastisk bistand med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.