Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Johannes Pedersen (Havelden) (1770-1820) - frå Luster til Bergen - dødsfalli til kona Inger og sønene Jens og Thomas?


Recommended Posts

Både mann og kone i denne huslyden var fødde og oppvaksne i Luster, men gifte seg i Bergen og budde truleg der levetidi ut.  Men eg har ikkje greidd å finna dødsfallet til kona Inger, og heller ikkje finn eg dødsfalli til sønene Jens og Thomas.  Er eg blind, eller...

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Pederson (Havelden), døypt i Luster 11.3.1770,

Johannes Pedersen flytte til Bergen i samband med militærtenesta si kring 1790, og der gifte han seg 3.2.1793 med Ingrid Sørens­dotter, opphavleg frå Råumsberget under Råum, i Bergen kjend som Inger Sørensdotter.  Ho vart døypt i Luster 29.6.1754 og hadde flytt til Bergen i ung alder.  Etter at Johannes var ferdig som «grenader», fekk han arbeid som undermålar i Bergen.  Parfolket busette seg i Olaf Kyrres gate i Bergen, og der d. Johannes Pedersen 25.6.1820.  Inger d. 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1815!)

 

 

Johannes og Inger fekk fire born i lag:

a. Pernille Johannessen, f. i Bergen 31.7.1793, d. ved eit ulukkeshende i Bergen 31.10.1858.  Ho gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 24.9.1820 med Hans Hansson frå Malkenes på Tysnes, i Bergen kjend som Hans Hansen.  Han vart døypt på Os 2.5.1790 og d. som arbeidsmann i Bergen 9.3.1836.  Hans var tømmermann og sidan arbeidar.  Han og Pernille budde i Olav Kyrres gate i Bergen.  Pernille gifte seg 22.8.1841 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Johan Christopher Nilsen frå Bergen, f. i Bergen 14.5.1799.  Han d. som arbeidsmann i Bergen 5.3.1862.  Johan Nilsen var òg tømmermann, men han og Pernille budde i Øvre Blegevei i Bergen.  Pernille fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Johan Nilsen hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

b. Ole Johannessen, f. i Bergen 15.1.1796, d. visstnok ugift på sjukehuset i Bergen 5.4.1843.

c. Jens Lind Johannessen, f. i Bergen 5.7.1798, d.

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1832/før 1858! – dotter:

            * Inger Johanne, f. DK, Bergen 18.3.1832 – var gift og budde på Lærdalsøyri!)

 

 

     Jens gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.12.1829 med Martha Baardsdotter frå Solheimsviken i Årstad, Bergen, f. i Årstad 11.11.1796.  Ho d. som enkje på dei sjøfarande sitt fattighus i Årstad, Bergen 14.9.1876.  Jens var matros og dagarbeidar, og han og Martha budde i Olav Kyrres gate i Bergen.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Thomas Johannessen, døypt i Bergen 7.6.1802, vart gravlagd i Bergen 12.6.1802, 2 veker gamal.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kvar for eit kjapt og godt svar!

 

Eg er samd med deg i at dette må vera dødsfallet til Thomas, og soleis er ein tredel av utfordringi løyst!  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande,

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.