Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Mikal Josefsen Marken f. i Vefsn 1875


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Mikal Daniel Josefson Marken (f. 1875) (kjent som M.J. Marken) overtok ein gard i Marka i Vefsn i 1900, men reiste same året til Amerika. Han kom att derifrå og gifta seg med Berit Andersdtr (f. 1879 i Fjøseide i Tingvoll). M.J. Marken var meieristyrar i Røyken 1910, seinare arbeidde han på meieri i Mandal 1914-1922 før han i 1926 etablerte seg som handelsmann i Trondheim. Etter at han busette seg i Trondheim, var han ein flittig gjest i Statsarkivet, og han sette opp mange slektstavler for kjenningar i  Vefsn. 

 

Då er det for gale at eg som bygdebokskrivar i Vefsn ikkje veit når han døydde. Han budde i Trondheim i 1960, men sidan veit eg ikkje noko. Kan nokon hjelpe?

Eg veit heller ikkje når kona døydde. Og om dottera veit eg ikkje anna enn at ho het Margit Bergliot og var fødd 1906 på Byneset i Trondheim. Kor levde ho? Vart ho gift eller fekk ho barn?  

 

Eg vil vere takksam for hjelp!

 

 

Endret av Knut Skorpen
Skrevet

Adresseavisen 05.04.1963:

 

Mvh Ragnhild Brænd

mikal.jpg

  • Liker 1
Skrevet

Takk for mange interssante opplysningar! Hans store samling med avskrifter frå arkiva, gjekk truleg tapt etter at han ikkje lykkast med å få kommunen til å kjøpe ho.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.