Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lokalkunnskap om Ål i Hallingdal (garden Tofte/Tufte?)


Recommended Posts

Skrevet

Stemmer det at det er ein gard i Ål prestegjeld som heiter Tofte? Eg finn den ikkje i "Aal bydesoge", bind 3 eller 4.

Har fått opplyst at garden Tofte ligg i Ål.

 

Eg er på jakt etter garden/plassen der Ingeborg Asbjørnsdtr. (1812-1874) vaks opp. 

Ho vart gift til garden Fitje i Førde pr.gj., S. og Fj. (nederst): https://media.digitalarkivet.no/view/11638/374

Eit oldebarn av Ingeborg var kalla opp etter ho og fekk mellomnamnet Tofte.

 

Finn ei Ingeborg Asbjørnsdtr. i Ål i 1812 (øverst s. 49): https://media.digitalarkivet.no/view/8546/25

Dei som er gode å tyde slik skrift kan kanskje tyde gardsnamnet. For meg ser det ut som Fos (garden Fos finn eg heller ikkje i dei nemnde bygdesogebøkene)

Denne Ingeborg er, etter det eg kan finne, den einaste fødd i tidsrommet 1810 til 1814 med far Asbjørn.

 

Kan både Tofte/Tufte og Fos (?) vere plassnamn?

Er det nokon med lokalkunnskjap om gardane i Ål og kan hjelpe meg?

 

Mvh Torbjørn

Skrevet

Heisan.  Eg er heller ikkje lokalkjend på Ål, men det står ein merknad i kyrkjeboki ved dåpen om Hol (sokn), og i Hol har du gardane Tufte og Fossgard, nabogardar i Ustedalen på Geilo der hytta mi ligg!  Det finst gode bygdebøker for Hol, som du bør ta ein titt på...

 

Vonar dette er til hjelp...

  • Takk 1
Skrevet

Har sjekka Rygh og det er ein gard som heiter Tufte både i Hol og Ål i Hallingdal. Eg har jobba med noko slekt i den seinare tida for amerikanarar og har kome borti ei Katrina Amalie Nilsdtr, dotter til Nils Asbjørnsen Tufte f i Hol i 1805, med far Asbjørn Pedersen Tufte. Dette skulle tyde på at di Ingeborg er syster til Nils Asbjørnsen??? For det er jo same far? 

  • Haha 1
Skrevet

Takk for svar, alle tre!

Asbjørn Pederson er far til Ingeborg i 1812.

 

Ja, det må vere same far, Marianne!

Skrevet

Så at Asbjørn var i sitt 2dre ekteskap i tellingen 1801.

Ambiør var  i sitt 1ste ekteskap.

  • Takk 1
Skrevet

Kva er gardsnamnet ved dåpen til Ingeborg i 1812? Er det Fos? Og i såfall, kvar er den garden/plassen?

Skrevet

Eg er jo så takknemleg for det som kjem fram no, for det sparer meg for mykje leiting.

Marianne

  • Liker 1
Skrevet

Ifølge basen jeg la inn giftet Asbjørn seg første gang 28 des 1785 i Eidfjord.

Bruden vsr Anna Rovarsdatter.

 

  • Takk 1
Skrevet

Artig at det var fleire som får hjelp!

  • Liker 1
Skrevet

mange takk for hjelp, Ann-Mary!

  • Liker 1
Skrevet (endret)

Når det gjeld Aal bygdesoge bind 3 og 4, kvifor er ikkje Tufte og Foss nemnde der?

Omhandler bøkene berre gardar for Ål sokn ?

 

Fann ættesogene for Hol no! Takk for tips, Lars E.!

På s. 43, 44, 45 og 46 står det om familien til Ingeborg på myljo Tufto; https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2017032826001

På s. 43 er det redegjort for faren Asbjørn si ætt frå Maurset i Eidfjord (indre Hardanger) og aner heilt tilbake til Olav den Heilage!

 

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.