Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anders Sjurson Leinum - fødd i Melhus 1852 - kven var foreldri hans og kva tid utvandra han til Amerika?


Recommended Posts

Skrevet

Anders Sjurson Leinum er frå Trempealeau Co., WI oppgjeven fødd i Noreg 12.8.1852 som son av Sjur Andersson og kona Kari Iversdotter.

 

Ved litt leiting i folketeljingsmaterialet finn eg denne huslyden på Leinum i Melhus, som vel må vera den rette(?):

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0018&lnr=000

 

Farsnamnet til mori stemmer ikkje heilt, og heller ikkje finn eg fødsli hans Anders i kyrkjeboki!

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med følgjande:

 

* Stadfesta fødselsdatoen til Anders Sjurson (Sivertson) Leinum, 12.8.1852?

 

* Fulle namn på foreldri hans med opphavi til båe?

 

* Utvandringsåret for Anders?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Skrevet

Hjarteleg takk til Sven for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har me fått ein lite korreksjon på fødselsdatoen hans Anders.  Han var f. 7.8.1852 og ikkje 12.8.1852.

 

Og utvandringi hans må ha skjedd etter 1867, men no finn eg ikkje att den gamle emigrantdatabasen over Trondheim, so eg finn ikkje utvandringsåret...

 

Skal me elles døma etter vigsli til foreldri, ser det ut til at dei båe var frå Leinum, truleg frå to ulike bruk, og eg ser no at foreldri hennar budde på Leinum som gardbrukarar i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0015&lnr=000

 

Og Sivert Andersson var fødd i 1821 som son av Anders Sivertson og Magnhild Sivertsdotter,

 

Name: Sivert Andersen
Gender: Male
Birth Date: 06 Jan 1821
Christening Date: 28 Jan 1821
Christening Place: Melhus, Sør-Trøndelag, Norway
Father's Name: Anders Sivertsen
Mother's Name: Magnild Sivertsdatter

 

og Magnhild er kårenkje på eitt av dei andre bruki på Leinum i 1865:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0016&lnr=000

 

Soleis er opphavi til foreldri kartlagde, og berre utvandringsåret manglar.  Er dette mogeleg å finna?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.