Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Opplysninger om Foss-slekta i Bergen, og ein evt. kobling til Kinn pr.gj.


Recommended Posts

Det har vore debattert på slektsforumet om Anders Nilsson Foss (f. ca 1613) som vart busett på øya Flora i Kinn pr.gj. kunne være soneson til biskop Anders Foss i Bergen (biskop frå 1583 til sin død i 1607), uten at det er kome fram til ein konklusjon. 

Om det er er rett må faren til Anders Foss på Flora då hatt namnet Nils Andersson Foss, og vere fødd omkring 1590.

 

Iflg. Lampe hadde biskop Anders Foss 9 born med kona Marine Robbertsdtr, men berre 2 er nemnde i prestehistoria! 

Finnes det anna materiale som kan gi meir info om alle borna til biskopen? 

Som skrifter (kjelder?) nemner Lampe mellom anna "Epistola ad M. Desiderium Foss contra Saxonem Grammaticum" Kven var denne M. Desiderius Foss, og var han i slekt med biskopen? Kan denne skriften på nokon måte kaste lys over problemet?

 

Mvh Torbjørn HIllersøy 

  • Liker 2

Lampe baserte seg på brev han hadde mottatt frå prestar rundt ikring, m.a. basert på deira kallsbøker, og også eit eldre manuskript som var laga av kapellanen i Årstad. Desse opplysningane er ikkje heilt pålitelege!

Ein kan prøve å finne ut meir ved f.eks å leite i geistlege skifter eller om ein finn noko nemnt i rettsaker. Dette vil uansett vere eit studium.

 

Kanskje denne tråden kan vere interessant for deg, der er det også omtala ein Desiderius Foss:

https://forum.arkivverket.no/topic/108335-22622-er-det-sammenheng-mellom-biskanders-foss-og-fossnavnet-i-kinn-sunnfjord/

 

Eg flyttar tråden til Brukarforum i tilfelle her er andre interesserte som har bidrag å kome med.

  • Liker 3
  • Takk 1

Takk for svar! 

Kva finnes det av geistlege skrifter?

Kan ein få lesetilgang til desse på SIB, eller ligg dei i scanna utgave på Digitalarkivet?

 

Mvh Torbjørn Hillersøy

Takk for linken, Torbjørn! 

 

Men vi må vel egentlig tilbake til tidlig 1600-talet, men skal sjå om eg finn noko av interesse. 

  • Liker 1

Ein ting til. Ved søk på skifteregister kjem det også opp eit søkbart register til dei geistlege skifteprotokollane:

 

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=%2Bskifteregister+%2Bsunnfjord&from=&to=&format=all&archive_key=

 

Så får @Anita Riise - Arkivverket svare på om det evt. finst geistleg skiftemateriale før dette.

  • Takk 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.