Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Når emigrerte Helga Marie til USA?


Recommended Posts

Helga Marie Hansdtr. Fylkesnes, f. 1879 i Finnås prestegjeld, fekk i året 1900 ein gut, Hans Christian. Som far står oppført Karl Johan Pedersen frå Vestre Moland. Han veit me no ein del om. Men same året blei Helga Marie gift i Haugesund med Kornelius Nilsen Førland, han fødd i Stavanger i 1875. Me trur jo at dei emigrerte saman. Iallfall kom Helga Marie aldri tilbake til gamlelandet, ho døydde visstnok i Duluth, Minnesota, i 1964. Men når emigrerte Helga Marie, kan nokon der ute hjelpa meg med det?

Mange, mange takk, Carl, - det var jo litt forbausende. Då veit me at Helga Marie har hatt minst 3 barn i sitt ekteskap med Cornelius. Dei kalla seg vel Nelson etter at dei kom til USA, - kanskje? Då er det vel rimeleg at ein eller fleire av desse barna har etterkommarar i USA idag.

31 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Mange, mange takk, Carl, - det var jo litt forbausende. Då veit me at Helga Marie har hatt minst 3 barn i sitt ekteskap med Cornelius. Dei kalla seg vel Nelson etter at dei kom til USA, - kanskje? Då er det vel rimeleg at ein eller fleire av desse barna har etterkommarar i USA idag.

Ja, det vil jeg tro. I 1930 census står alle som "Nelson", unntatt sønnen Nils som står som "Forlan":

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X3DF-WPG

 

Her er vel Nils i 1940, gift med 3 barn:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KSVZ-GW7

Kva skal ein seia? Utruleg kva du finn, Carl! Det er vel rimeleg å tru at dei fleste av desse barnebarna er i live idag. Eg har berre ein indirekte relasjon til desse personane, men eg kjenner folk som kan vera svært interessert i denne informasjonen, - så mange takk for det!

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.