Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Grenader Ole Iversen, død på Torp lasarett i 1809


Recommended Posts

Ole Iversen Breilid eller Bøtun var fødd i 1779 i Fresvik. Einaste opplysningane eg har (uvisst frå kvar) er at han døydde på Torp lasarett 22.3 1809. Sidan han var grenader hadde han vel verva seg. I folketeljinga i 1801 finn eg han ikkje i Leikanger, så kanskje kan han då vera ute som soldat. 

Er det mogeleg å finna fleire opplysningar om Ole Iversen og evt verifisera at han døydde på Torp lasarett?

 

Mvh

Anne Marie B. Øyri

"Grenader Ole Iversen Bøtun fra Gaarden Bøtun i Leikanger Herred i Sogn, af tjugumske Komp og 3dje Div. ; han døde d. 22de Marts 1809 paa Torp Lazareth, 28 Aar gl."

 

Kjelde: Barstad, H. J. Bergenhusingerne i Felten 1808-1811 : Bergenhusiske Nationale Grenaderbataljon. Kristiania, 1908 s. 162

https://www.nb.no/items/611374a31203033cc26960c6cbe1fb7c?page=197

 

"Foruden det store Sygehus i Fredrikstad, som Brigaden Holst disponedere over sammen med Fredrikstad Fæstnings Kommandantskab, oprettedes der for denne Brigade et flyvende Lazareth paa Gaarden Torp paa Hafslunds Grund, hvortil de syge bergenhusiske Grenaderer ogsaa henførtes foruden til Fredrikstad."  (Same kjelde s. 58)

 

Det er ein Ole Iversen,22, som er dreng på Horpedal i Fjærland i 1801. Har du sjekka ut han ?

  • Liker 1

Tusen takk Eli. Dødsfallet hans har eg leita lenge etter. Det er også godt mogeleg at det er han som er dreng i Fjærland i 1801. Finn iallfall ikkje andre som høver rundt her. 

Då har eg komme i mål med denne karen!

  • 2 uker senere...

Lurer på om det er samme grenader Ole Iversen som døde 15. november 1808 og ble begravet i Fredrikstad 19. november, 32 år gammel? I så fall er dødsdatoen 22. mars 1809 feil, her nr. 3 på høyre side:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/7449/97

 

Finner ingen Ole Iversen i kirkeboka som er død i mars 1809.

 

Rart den første ikkje var med i kyrkjeboka men er rekna opp i Bergenhusingerne i felten 1808.

Den siste du fann stemmer ikkje med alderen , han burde vere 27-28 år i 1808.  

Vart usikker no.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.