Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Borna til Endre Tollevson Bøtun, dødsår.


Recommended Posts

Fresvik i Sogn.

Endre Tollevson Bøtun og kona Anna Sjursdtr Håum 1727-1783 hadde 9 born. Tre av dei har eg ikkje klart å finna ut lagnaden til, evt dødsår. 

Ola fødd 1763, gift på Indre Frønningen. Levde i 1801, men finn ikkje dødsår. Han hadde tre born: Anna f 1791, Dordei 1795 og Torbjørn 1796. Alle tre levde i 1801, men døydde unge utan at eg veit meir.

Anna Endresdtr f 1766, fekk ein uekte son Lasse Ingebrigtson i 1790. Ingen vidare opplysningar om mora eller sonen.

Peder Endreson f 1771, ingen fleire opplysningar om han.

 

Det hadde vore kjekt om nokon klarer finna ut meir om desse personane.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

Eg har leita i kyrkjebøker og sjølvsagt personsøk på digitalarkivet. Men kan sjølvsagt ha oversett noko. Endre har vi verken fødselsår eller dødsår på, kona døydde i 1783. Men endre blei sinnsjuk og det var mykje styr med han siste åra, så han kan også ha vorte flytt vekk. Ein av sønene vart også psykisk sjuk utan at vi veit kven. Har ikkje klart å finna noko skifte etter dei. 

Barnebarnet den uekte lasse skulle vera fødd i 1790 men fann han ikkje i kyrkjeboka det året. Finn han ikkje i 1801 så kanskje han var død då.

tja...  du føreset at "hjelparane" har like godt oversyn over denne familien som du har - og det er vel litt optimistisk.

 

Du må nok leite sjølv, men kanskje nokre forslag:

- Dersom nokre av borna til Endre, eller ektemakane deira, døyr med umyndige born.  Då ville eg leita etter skifte, og sett om formyndarane var slektningar.

- Det same gjeld om nokon døyr utan etterkomarar.

- Likeins med Endre og Anna sine sysken og borna deira (men Endre kjem litt lenger ut i rekkja av "fødde verje").

 

- Manntalet for formuesskatten 1789 (på DA) kan fortelje at nokon er "hovudperson" då (og at nokon ikkje er det).

 

- For dei som var sinnsjuke, kan Dollhuset i Bergen vere ein stad å leite (og kyrkjeboka for kyrkja det sokna til).

 

  • Liker 1
På 10.6.2026 den 17.13, Ivar S. Ertesvåg skrev:

tja...  du føreset at "hjelparane" har like godt oversyn over denne familien som du har - og det er vel litt optimistisk.

 

Du må nok leite sjølv, men kanskje nokre forslag:

- Manntalet for formuesskatten 1789 (på DA) kan fortelje at nokon er "hovudperson" då (og at nokon ikkje er det).

 

 

 

Ang 1789,kan ikkje eg sjå nokon Endre eller Endreson på Bøtun i Fresvik.

Men har kjem det skanna matr frå 1789 (håpar eg):

https://www.digitalarkivet.no/ft10611701249007

eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft10611701249007.jpg

 

 

1 time siden, Jon Sværen skrev:

Ang 1789,kan ikkje eg sjå nokon Endre eller Endreson på Bøtun i Fresvik.

Men har kjem det skanna matr frå 1789 (håpar eg):

https://www.digitalarkivet.no/ft10611701249007

eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft10611701249007.jpg

Dette må vere "forarbeid" til skatte-innkrevinga.

Men lista er svært mannsdominert ... (ingen kvinner i det heile?)  Det spørs om ikkje dette er

hovudpersonane i kvar husstand. - altså dei potensielle skatt-ytarane.

(eg finn ikkje skattelista for Leikanger sånn i farta)

Det siste eg veit om Endre er at i 1784 har futen teke opp om det offentlege kan ta kostnaden med tilsyn og stell av Endre då kona er død året før og borna heller ikkje klarer ta seg av han lenger, ikkje minst sidan eit par av sønene tydlegvis leid av same problema/sjukdomen som faren. 

Men om det tyder at han vart verande i heradet og andre tok seg av han etter 1784 eller om han vart send vekk har eg ikkje klart å finna opplysningar om. Viss han blei verande i kommunen så tenkte eg at eg ville ha funne dødsfallet i kyrkjebøkene, men no var det vel ikkje alltid at alle kom med der på den tida.

 

På 12.6.2026 den 20.37, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Dette må vere "forarbeid" til skatte-innkrevinga.

Men lista er svært mannsdominert ... (ingen kvinner i det heile?)  Det spørs om ikkje dette er

hovudpersonane i kvar husstand. - altså dei potensielle skatt-ytarane.

(eg finn ikkje skattelista for Leikanger sånn i farta)

Ivar: Du meinar dette er «forarbeid» til skattelista for Leikanger ?? Ikkje sjølve skatte-manntallet ?

 

MEN er det ikkje nokre tal til høgre for navna ? F.eks Lidahl, på venstre side, Jon Antonssen: 48 f.

Farsnavnet er trulig feilskriving av meg. Og kva f står for ? Tja …. Skilling, kanskje ??

———

Dette innlegget hjelper ikkje trådstartar, då EG  ikkje finn korkje Endre eller Endre-søner.

 

2 timer siden, Jon Sværen skrev:

Ivar: Du meinar dette er «forarbeid» til skattelista for Leikanger ?? Ikkje sjølve skatte-manntallet ?

 

MEN er det ikkje nokre tal til høgre for navna ? F.eks Lidahl, på venstre side, Jon Antonssen: 48 f.

Skattelistene frå 1789 skulle følgje eit trykt skjema, som her i Sunnfjord og Nordfjord (denne sida er for Jølster)

https://www.digitalarkivet.no/rk10091506010104

og - dei vart sette opp av futen og sendt til (og arkivert av) Rentekammeret (jf. kjeldeinfo).

Lista frå Leikanger følgjer ikkje skjemaet, og ho høyrer til i prestearkivet (kjeldeinfo.)

 

Leikanger skal vere her:  https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70841

og/eller her, https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70843

men eg overlet til deg å finne fram.

 

 

 

 

På 15.6.2026 den 13.31, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Skattelistene frå 1789 skulle følgje eit trykt skjema, som her i Sunnfjord og Nordfjord (denne sida er for Jølster)

https://www.digitalarkivet.no/rk10091506010104

og - dei vart sette opp av futen og sendt til (og arkivert av) Rentekammeret (jf. kjeldeinfo).

Lista frå Leikanger følgjer ikkje skjemaet, og ho høyrer til i prestearkivet (kjeldeinfo.)

 

Leikanger skal vere her:  https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70841

og/eller her, https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70843

men eg overlet til deg å finne fram.

 

 

 

 

Som du ser Ivar, så manglar ein av skattelistene frå Ytre Sogn: MNGLAR !

 

Det er TRULIG den som har nr 70842 eller LOO58, som ville vist oss Leikanger. Og den er ikkje skanna fyrebils, eller er borte vek.
——

Det er kun ein liten spasertur (for meg) opp på Kalfaret og Statsarkivet, men etter at Yngve har slutta så ……

——-

Har trådstartar kome noko lenger med problemet (les: Utfodring) ?

L008 inneheld Lærdal, Luster, Jostedalen og Haflso. (ifl. Arkivportalen).  Det kan vere at du har rett, at skatteprotokollen for Leikanger har kome bort.

Men eg vil framleis rekne lista i prestearkivet som eit forarbeid, og namnelista i protokollen var neppe noko annleis.

Uansett, dersom ikkje Endre kunne ta vare på seg sjølv fem år før, så var han neppe hovudperson i 1789.

 

Då kan vi krysse av eitt av forslaga, og Anne Marie må følgje andre spor.

På 15.6.2026 den 13.31, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Sonen Sjur Endresen er husmann på Hov ifylgje denne lista. Han døydde i 1820 så vi har litt info om han og familien. Andre i familien til Endre Tollevson er ikkje i lista. Sjur var den einaste av dei som var gift og hadde familie i 1789.

Har leita på nytt i kyrkjebøkene for Leikanger i håp om at eg hadde oversett noko, men ikkje funne noko. Dette gjeld spesielt sonen Ola f 1763 og borna Anna 1791, Dordei 1795 og Torbjørn.  Den gamle ætteboka for Leikanger skriv at dei tre døydde unge. Dei er alle med i 1801, og familien budde på Indre Frønningen. Syns det er rart at ingen av dei har komme med i kyrkjeboka med dødsfall, heller ikkje faren. I 1815 lever mora, men ingen andre i huslyden er nemnde, så truleg er også faren død på den tida. Heller ikkje han finn eg i kyrkjeboka med dødsfall.

Dødsfall kan vel av og til vera utegløymde i den tida, men undrast over at ingen av dei 4 er komne med.

Så eigentleg har eg ikkje komme lenger med denne familien.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

 

På 10.6.2026 den 12.41, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Barnebarnet den uekte lasse skulle vera fødd i 1790 men fann han ikkje i kyrkjeboka det året

Han var døpt 9. februar 1790 i Leikanger 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630158

  • Liker 1

Endre var i hvert fall død før 21.1. 1790. Denne dagen ble det holdt skifte etter hans bror Johannes Tollefsen Høgheim. Johannes hadde ingen barn og ble arvet av sine søsken eller deres etterkommere. Broren Endre Tollefsen Bøtun var død og hadde disse barna: 

 

1. Tollef Endresen, til hus hos Jacob Nilsen Høgheim

2. Sjur Endresen, husmann under Bøtun.

3. Ole Endresen, soldat og oppholder seg hos Bottel Skaffer

4. Anders Endresen 20 år, soldat

5. Unni Endresdatter gift med Bottel Andersen, husmann under Bøtun.

 

Skiftet: https://media.digitalarkivet.no/view/24169/285

 

Sønnen Peder Endresen nevnes ikke i skiftet og er død før 1790. Dattera Anna Endresdatter døpt 18.12. 1766 nevnes heller ikke og er død barnløs før skiftet i 1790. Den Anna Endresdatter Bøtun som fikk sønnen Lasse døpt 9.2. 1790 med Ingebrikt Hansen Mundal må derfor være døpt 6.9. 1767 av foreldre Endre Pedersen og Gjørid Hansdatter Bøtun. En av fadderne ved dåpen i 1790 var Guttorm Endresen Bøtun, som var bror til Anna. Sønnen Lasse Ingebriktsen er ikke nevnt i 1801-tellinga for hele Vestlandet. Ei Anna Endresdatter 37 år og ugift tjente på Feidje 1801. 

 

Dødsfallene til Ole Endresen og de tre barna Anna, Dordei og Torbjørn er ikke å finne blant søkbare begravede i Leikanger 1801-1814. Kan det tenkes at alle har omkommet på sjøen og at de derfor ikke finnes som begravet?

Takk Terje.

Dette skiftet har eg ikkje sett før og heller ikkje tenkt på å leita etter. Då veit vi iallfall at Peder var død før 1790. Og truleg ei forveksling i ætteboka mellom Anna Endresdtr f i 1867 og Anna Endresdtr fødd i 1866 som var død før 1790. Den førstnemnde er det då som fekk sonen Peder. 

Det kan også vera ho som var ugift tenestejente på Feidje i Feios i 1801. Mora var frå Feios så ikkje urimeleg at ho kan ha enda der som tenestejente. 

 

Ang Ole Endresen og dei tre borna så har eg også tenkt tanken på at dei kan ha omkomme på sjøen sidan eg ikkje finn dei i kyrkjebøkene. Dei budde på Indre Frønningen og var nok avhengige av sjøvegen for å komma seg hit og dit. 

Då er vi komne eit stykke vidare med denne familien.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.