Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Borna til Endre Tollevson Bøtun, dødsår.


Recommended Posts

Fresvik i Sogn.

Endre Tollevson Bøtun og kona Anna Sjursdtr Håum 1727-1783 hadde 9 born. Tre av dei har eg ikkje klart å finna ut lagnaden til, evt dødsår. 

Ola fødd 1763, gift på Indre Frønningen. Levde i 1801, men finn ikkje dødsår. Han hadde tre born: Anna f 1791, Dordei 1795 og Torbjørn 1796. Alle tre levde i 1801, men døydde unge utan at eg veit meir.

Anna Endresdtr f 1766, fekk ein uekte son Lasse Ingebrigtson i 1790. Ingen vidare opplysningar om mora eller sonen.

Peder Endreson f 1771, ingen fleire opplysningar om han.

 

Det hadde vore kjekt om nokon klarer finna ut meir om desse personane.

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

Eg har leita i kyrkjebøker og sjølvsagt personsøk på digitalarkivet. Men kan sjølvsagt ha oversett noko. Endre har vi verken fødselsår eller dødsår på, kona døydde i 1783. Men endre blei sinnsjuk og det var mykje styr med han siste åra, så han kan også ha vorte flytt vekk. Ein av sønene vart også psykisk sjuk utan at vi veit kven. Har ikkje klart å finna noko skifte etter dei. 

Barnebarnet den uekte lasse skulle vera fødd i 1790 men fann han ikkje i kyrkjeboka det året. Finn han ikkje i 1801 så kanskje han var død då.

tja...  du føreset at "hjelparane" har like godt oversyn over denne familien som du har - og det er vel litt optimistisk.

 

Du må nok leite sjølv, men kanskje nokre forslag:

- Dersom nokre av borna til Endre, eller ektemakane deira, døyr med umyndige born.  Då ville eg leita etter skifte, og sett om formyndarane var slektningar.

- Det same gjeld om nokon døyr utan etterkomarar.

- Likeins med Endre og Anna sine sysken og borna deira (men Endre kjem litt lenger ut i rekkja av "fødde verje").

 

- Manntalet for formuesskatten 1789 (på DA) kan fortelje at nokon er "hovudperson" då (og at nokon ikkje er det).

 

- For dei som var sinnsjuke, kan Dollhuset i Bergen vere ein stad å leite (og kyrkjeboka for kyrkja det sokna til).

 

  • Liker 1
På 10.6.2026 den 17.13, Ivar S. Ertesvåg skrev:

tja...  du føreset at "hjelparane" har like godt oversyn over denne familien som du har - og det er vel litt optimistisk.

 

Du må nok leite sjølv, men kanskje nokre forslag:

- Manntalet for formuesskatten 1789 (på DA) kan fortelje at nokon er "hovudperson" då (og at nokon ikkje er det).

 

 

 

Ang 1789,kan ikkje eg sjå nokon Endre eller Endreson på Bøtun i Fresvik.

Men har kjem det skanna matr frå 1789 (håpar eg):

https://www.digitalarkivet.no/ft10611701249007

eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft10611701249007.jpg

 

 

1 time siden, Jon Sværen skrev:

Ang 1789,kan ikkje eg sjå nokon Endre eller Endreson på Bøtun i Fresvik.

Men har kjem det skanna matr frå 1789 (håpar eg):

https://www.digitalarkivet.no/ft10611701249007

eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ft10611701249007.jpg

Dette må vere "forarbeid" til skatte-innkrevinga.

Men lista er svært mannsdominert ... (ingen kvinner i det heile?)  Det spørs om ikkje dette er

hovudpersonane i kvar husstand. - altså dei potensielle skatt-ytarane.

(eg finn ikkje skattelista for Leikanger sånn i farta)

Det siste eg veit om Endre er at i 1784 har futen teke opp om det offentlege kan ta kostnaden med tilsyn og stell av Endre då kona er død året før og borna heller ikkje klarer ta seg av han lenger, ikkje minst sidan eit par av sønene tydlegvis leid av same problema/sjukdomen som faren. 

Men om det tyder at han vart verande i heradet og andre tok seg av han etter 1784 eller om han vart send vekk har eg ikkje klart å finna opplysningar om. Viss han blei verande i kommunen så tenkte eg at eg ville ha funne dødsfallet i kyrkjebøkene, men no var det vel ikkje alltid at alle kom med der på den tida.

 

På 12.6.2026 den 20.37, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Dette må vere "forarbeid" til skatte-innkrevinga.

Men lista er svært mannsdominert ... (ingen kvinner i det heile?)  Det spørs om ikkje dette er

hovudpersonane i kvar husstand. - altså dei potensielle skatt-ytarane.

(eg finn ikkje skattelista for Leikanger sånn i farta)

Ivar: Du meinar dette er «forarbeid» til skattelista for Leikanger ?? Ikkje sjølve skatte-manntallet ?

 

MEN er det ikkje nokre tal til høgre for navna ? F.eks Lidahl, på venstre side, Jon Antonssen: 48 f.

Farsnavnet er trulig feilskriving av meg. Og kva f står for ? Tja …. Skilling, kanskje ??

———

Dette innlegget hjelper ikkje trådstartar, då EG  ikkje finn korkje Endre eller Endre-søner.

 

2 timer siden, Jon Sværen skrev:

Ivar: Du meinar dette er «forarbeid» til skattelista for Leikanger ?? Ikkje sjølve skatte-manntallet ?

 

MEN er det ikkje nokre tal til høgre for navna ? F.eks Lidahl, på venstre side, Jon Antonssen: 48 f.

Skattelistene frå 1789 skulle følgje eit trykt skjema, som her i Sunnfjord og Nordfjord (denne sida er for Jølster)

https://www.digitalarkivet.no/rk10091506010104

og - dei vart sette opp av futen og sendt til (og arkivert av) Rentekammeret (jf. kjeldeinfo).

Lista frå Leikanger følgjer ikkje skjemaet, og ho høyrer til i prestearkivet (kjeldeinfo.)

 

Leikanger skal vere her:  https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70841

og/eller her, https://media.digitalarkivet.no/db/contents/70843

men eg overlet til deg å finne fram.

 

 

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.