Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ukjend forkorting av lengdeeining i pantebok


Recommended Posts

Kan nokon hjelpe meg til å forstå kva lengdeeining det er snakk om her? I pantebok for Numedal og Sandsvær sorenskriveri, AV/SAKO-A-128/G/Ga/Gaa/L0027: Pantebok nr. I 27, 1891-1896 s. 360 recto: "...paa Vea-aasen i nordvestlig retning til den 2den sten, et [???] nordenfor den saakaldte 'Kirke'...". Forkortinga ser ut til å starte på "st", men resten forstår eg ikkje. Eg reknar med at det er ei forkorting for eit nokså omtrentleg lengdemål som eit steinkast, eit stykke, e.l.

På førehand takk!

 

image.thumb.png.383c9dd3ef9c4c8565031d518551fb56.png

Vel møtt i forumet!

 

For ordens skuld er det enklare med ei lenkje til protokollen, så kan vi sjå og samanlikne med meir tekst; 

https://www.digitalarkivet.no/tl20070116130968

 

Men eg ser ikkje desse teikna andre stadar (kanskje andre leitar betre?)

Det ser ut som at dette "et [???] nordenfor den saakaldte 'Kirke'." er eit innskot som forklarar om lag kvar "2den sten" er plassert; altså

ikkje ein del av sjølve oppmålinga.

Det kan hende det er så enkelt som ei forkorting for "stykke".  

 

Dette ser ut som ei utskifting, og i 1891 brukte dei gjerne å lage oppmålingskart, som kan vere skanna og tilgjengeleg.  Eit slikt kart kan kanskje

hjelpe med oppklaringa. (Du veit sikkert kommune og gardsnr./bnr)

Takk skal du ha! Ja, eg trur òg det er snakk om ei omtrentleg lengde som "stykke" eller "stenkast", e.l. Sidan artikkelen / talordet "et" (hvis det skulle vore "ett") står framom, så er det helst noko omtrentleg, for eg trur "Kyrkja" ligg nokre hundre meter sør for merkesteinen. Det er likevel litt omdiskutert kor "Kyrkja" ligg så det hadde vore nyttig å ha visst eksakt kva omgrep som her er nytta. På sida før, 359 verso, er dei ei anna forkorting der dei siste teikna liknar forkortinga s. 360 recto. Denne forkortinga kan kanskje vera for "Merkepunkt" eller noko slikt. Sjå siste lina på skjermbiletet: "...hvorfra grænsen gaar i øst til 5te [???]".

image.thumb.png.b0cc11a0b8f7fdb8c6226a1eae82d5fe.png

 

Du har nok rett i at utskifting er det rette omgrepet. Er slike oppmålingskart å finne som eigen serie i det same sorenskrivararkivet? Har sjekka Arkivportalen, men kan ikkje sjå noko slikt hjå denne sorenskrivaren. Men for min del er det ikkje grensa som er relevant, men avstanden til "Kyrkja" i sør.

 

Endret av Bjørn Ole Hovda

Takk skal du ha! Her var det berre kart attende til 1970/80-talet på desse eigedomane, og uansett er det neppe så relevant for meg, fordi det er ikkje sjølve eigedomsgrensa eg er ute etter, men kva ord som er nytta til å beskrive avstanden til referansepunktet "den saakaldte 'Kirke'".

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.