Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ei "nøtt": Kor var Christiana Andersdotter Kleiven frå? Truleg f. i Kinn kr. 1794, gift på Vågane i Bremanger 1817, død der i 1834.


Recommended Posts

Christiana Andersdtr. Kleyven vart i 1817 trulova i Bremanger med Anders Olsson Vaage. Når dei vert gift 20. juli same år er ho kalla Christiana Andersdatter Sørbotten og han er Anders Olsen Waage. Forlovarane ved trulovinga er Anders Johnsen Sørbotten (farbror til brudgommen) og Anders Olsen Varpe (forbindelse ukjent)

 

Brudgommen og etterkommarar her har eg god kontroll på, men opphavet til Christiana er ei gåte. Det er truleg same person som Christiana Andersdatter Kleiven som er konfirmert i Kinn i 1811. Christiane døyr i Bremanger i 1834, og er da oppgitt å vere 40 år gamal, dvs. født kring 1794. Det stemme brukbart i alder med konfirmasjonen i 1811.

 

Gnr. 14 i Kinn, Klauva, ligg rett inn fjorden sør for Bremanger. Her har vi brukaren Anders Andersson i 1801, men ingen dotter Christiana (eller andre døtre i passande alder). Det er heller ingen Christiana å finne andre plassar i 1801 som kan passe. Det er er ei anna med same namn og omtrent same alder født i Davik, men ho finn vi som kårkone på Rimstad indre i 1865.

 

Mulige spor eg har så langt:

  • Ei Anne Andersdotter Kleiven vert gift med Rasmus Monsson Husefest, busatt i Sørbotnen (bnr. 3), i 1824. Ho er da 40 år, dvs. f. kr. 1784. Ved giftermåler er bruras far kalla Anders Pedersen Kleyven, gaardmand
  • Oline Andersdotter Vågane (dotter av Christiana og Anders over) vart gift med Ivar Sørensson Sørbotten (neste brukar på bnr. 3 i Sørbotten), og Årstein Svihus (Bremanger bygdebok, band II, s. 712) kaller henne systerdottera til Anne Andersdotter.

Dette skulle bety på at Christiana sin far var Anders Pedersson Kleiven, men han har eg ikkje klart å finne noko spor av anna enn ved dette giftermålet i 1824, og heller ikkje noko som underbygger Svihus sin påstand om slektskap over.

 

Christiana og Anders fekk to born:

  1. Oline, f. 1822 vart døypt 3. mars. Fadderane da var:  
    1. Anders Jonsson Sørbotten (Forlovaren i 1817, Anders sin farbror)
    2. Martinus Olsson Rylandsholm (Nabo, plassmann)
    3. Martha Jørgensdotter ibid. (Nabo, gift med Mons Persson på bnr. 1)
    4. Olina Jonsdotter Vaage (nabo, ukjent samband)
    5. Olina Olsdotter Riise (ukjent samband)
  2. Andreas Rasmus, f. 1826, vart døypt 27. august. Fadderane var:
    1. Jon O[lsson]. Ryland (Ryland, bnr. 4. Nabo)
    2. Jon G[regoriusson]. ibid. (Ryland, bnr. 3. Nabo?)
    3. Absalon P[ersson]. Sørbotten (bnr. 4, nabo av Anders Jonsson over)
    4. Ane A. ibid. (morsystera Anne Andersdotter Kleiven gift i Sørbotten i 1824)
    5. Lydia G[jertsdotter]. Vaage (nabo, gift med Ole Gregoriusson på det andre bruket i Vågane)

 

Trulovinga, 5. søndag etter påske: 

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 297
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620092

 

Vielsa, 20. Juli:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 299
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620094
 

Konfirmasjon 19. søndag etter Trinitatis:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 255
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070510620049
 

Gravferd, 25 Jan. 1834:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0004/0002: Bind II, 1822-1840, s. 38
Brukslenke for sidevisning: https://goto.digitalarkivet.no/kb20070510620543

 

Kleiven i Kinn, 1801-tellinga:

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01058405000761

 

Giftermålet i 1824:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0004/0002: Bind II, 1822-1840, s. 11
Brukslenke for sidevisning: https://goto.digitalarkivet.no/kb20070510620448

 

Dåp i 1822:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0004/0001: Bind I, 1822-1840, s. 2
Brukslenke for sidevisning: https://goto.digitalarkivet.no/kb20070510620166

 

Dåp i 1826:

Kinn sokneprestembete, AV/SAB-A-80801/H/Haa/Haaa/L0004/0001: Bind I, 1822-1840, s. 50
Brukslenke for sidevisning: https://goto.digitalarkivet.no/kb20070510620214

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.