Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ynskjer å finne opplysningar om fjellareal


Recommended Posts

Skrevet

Hei!

Eg arbeider med gardssoga for Myklebostad i Olden sokn i Nordfjord (tidl. Innvik kommune, i dag Stryn). I eit åstadssaksregister frå Nasjonalarkivet Bergen fann eg tilvising til ei avtaksforretning for garden, halden 21. september 1758, innførd i Nordfjord sorenskriveri si tingbok (dagens nr. A 31, 1757–1762) på folio 112. Innførsla byrjar her, på høgre side:

https://media.digitalarkivet.no/view/30939/401

 

Eg får ikkje til å lese skrifta frå denne tida. Eg er svært takksam for all hjelp, anten full transkripsjon eller eit referat. Det eg særleg prøver å finne ut, er kva skade forretninga gjeld (registeret antydar «ved 1 fjeldskred», men eg er usikker på lesinga), kva slags mark og ressursar som vart skadde (åker, eng, beite, utslåttar, seter), og om det er nemnt stadnamn som seier kvar på garden dette var.

 

På førehand mange takk!

  • Liker 1
Skrevet

Eg tek den, Erlend📝

Skrevet

Takk!!

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   1 medlem

    • Gunnar Sigdestad
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.