Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kven var Martinus Mortensen (Skjærplassen) som er ugift far i Åsnes (Hof, Solør) i 1844 og og når/ kvar var det fyrste leiemålet hans?


Recommended Posts

Skrevet

Martinus Mortensen var ungkar og er nemnt Skjærplassen da han i 1844 fekk sonen Ole med Karen Olsdotter som da var på Ingelsrud i Åsnes, jf. døypte Hof 1844, nr 161:

https://goto.digitalarkivet.no/kb20070603290390

 

Dette var hans andre leiemål og hennar fyrste. Så vidt eg kan sjå er det ikkje registrert nokon andre barn med Martinius Mortensen (eller Martinsen) som far i dei transkriberte kjeldene i det aktuelle tidsrommet og det eldre barnet er ikkje registrert døypt i Hof prestegeld.

 

Namnekombinasjonen Martinius Mortensen er relativt sjeldan, men det det er fødd ein gut med dette namnet på Borg i Elverum 1822 (døypte Elverum 1822, nr 17):

https://goto.digitalarkivet.no/kb20070603310615

Det er også ut til å vere ein kandidat på Nordsveen i Trysil ved folketeljinga i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/pf01038046002217

 

Er det nokon som kjenner til opphavet til barnefaren frå 1844 eller det fyrste leiemålet hans?

Skrevet

Tusen takk for dette! 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.