Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hjelp til tyding av gammel skrift i grunnbok og pantebok


Recommended Posts

Skrevet

Hei, lurar på om nokon her kan hjelpa meg med å tyda gammal skrift. Det gjeld den linja som refererer til side 212 i pantebok. Eg har funne pantebok ifra samme år, men slit med å tyda kva som står. Saka gjeld eit gardsbruk som er skilt frå eit anna bruk, 1/4.Skjermbilde2026-10-01203527.thumb.png.b44e5f749d88f01518f4ae3f913f32ca.png

Skrevet

Vel møtt i forumet.

For ordens skuld: deltakarane her er "glade amatørar", og det som vert "produsert" her er ikkje eigna til

formell og juridisk bruk.

 

Det første utsnittet er frå panteregisteret (forløpar til grunnboka), og det er for Matrikkelnr. 70, Løpenummer 217b Kvitne.

I 1886 vart nummersystemet gjort om, gardsnr. 39/ bruksnr. 2  erstatta matrikkelnr/løpenr.

 

Den første innførsla er

"Adkomster og heftelser som foran fol. 143 til

og med Skyldsætningen af 1869".

"Skjøde far Mons Olssen Rein til Jørgen Samsonsen

Kvitne paa dette Brug for 400 Spd. dat 18

Oktober 1869, thl. 14 Mai 1870 ...  |  212."

 

Det første viser til registersida for Mnr.70/Lnr.217 på oppslaget framom; - den 2. lenkja di.

 

Om lag 1/3 ned på sida står

"Skyldesætning af 21 Juni 1869 thl. 4 Mai 1870, hvorved

d. ?? er fraskilt 1/4 = 3 ort 6 s" ... | 212."  | v.[vide= sjå, latin] Fol. 144

Så kjem to horisontale linjer med det nye løpenr. for rest-eigedomen, "LNo 217a Kvitne af ..."

 

"122" står for fol.[folium, blad] 122, og i dette tilfellet på baksida, s. 122 av blad 122.  Det er den første lenkja di, og så eitt oppslag bak:

https://www.digitalarkivet.no/tl20070910311337

Men det står neppe det du ser etter:

Nede til venstre

"34. Delings og Skyldsætningsforrretning af 21 Juni 1869 paa

Kvitne i Kinservik Thinglag, see Publ.Pr. fo

Udskiftninger. Fol."

Ikkje noko meir.  Det finst tydelegvis ein eigen protokoll for utskifting og skylddelingar.  Uheldigvis for deg gløymde dei å føre inn

blad-nummeret. (fol.)  Om du finn protollen, står det nok likevel nokså strengt kronologisk etter tinglysingsdato.

 

nr. 35 er skøytet

 

  • Liker 1
Skrevet

Tusen takk, detta var til stor hjelp. Men klarar du å tyda noko av det som står i nr. 35?

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.