Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Anders Børgeson Selevoll frå Meland, Hordaland f.1678 - same som Anders Børgeson/Bergeson på Kjerpeset i Bremanger???


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Hei!

Eg har nokre DNA-treff med folk som stammar frå Bremanger, som eg ikkje klarar å forklara. Ikkje så veldig sterke treff, ca 30-40 cM. 

Det kan sjå ut som DNA-treffa kryssar slektslinja mi frå Hestetræet på Askøy og vidare bak til Fløksand og lenger bakover på gardar i Meland/ Alver, Nordhordland.

 

Bremanger:

Eg har søkt på digitalarkivet og eg har lese i Bremanger Bygdebok (2006), forfattar Årstein Svihus. 

 

På min veg tilbake i slektene til desse folka i Bremanger, kjem eg bl.a til seint 1600-tal / tidleg 1700-tal for denne personen:


Anders Bergeson, f. ca 1677, bygsla gard på Kjerpeset i Bremanger frå ca 1707. Det står ikkje noko i bygdeboka om at han var gift eller hadde familie der på Kjerpeset.

 

Frå 1723 til 1738 var det ein nabo som bygsla garden.

 

Så var det son til Anders; Berge Andersson f. ca 1703 som hadde garden på Kjerpeset frå 1739 til 1758.


Kjerpeset finn ein i bind 2 av Bremanger Bygdebok.

 

---

 

Selevoll i Meland/ Alver:

 

For Meland og Alver har eg lese i Bygdebok for Alenfit (utgitt 1968-1981) av Nils Hjelmtveit.

 

Eg har ei slektslinje som går tilbake til Selevoll i Meland / Alver. Det er faktisk den reine morslinja mi, som eg klarar å spora tilbake til Anna Børgesdtr Selevoll f. 1677. Ho var dtr av Børge Johannesson Selevoll (1645-1702) og kona Anna Andersdtr (1653-1715, ho hadde ukjent opphav)

 

Anna Børgesdtr Selevoll (1677) var den som overtok garden, saman med mannen sin Morten Mortenson Alver. 

 

Anna sine eldre brør, Hans og Johannes, drog til hhv Vetås og Kvitstein.


Anna sin bror Anders Børgeson Selevoll f. 1678 gifte seg med Elsebe Olsdtr Landsvik, Herdla (arving på Fjellsenda), og dei hadde bruk 1 på Fjellsenda på Radøy.

Anders døydde i 1715. Skifte då, referert til i bygdeboka. Elsebe gifte seg opp att, ho døydde i 1759. Skifte då, referert til i bygdeboka.

 

Anders hadde bl.a ein son, Børge Andersson f.1706.  Det står i bygdeboka at han var død utan arvingar før 1759 (skiftet etter mor Elsebe var i 1759).

 

--

 

Digitalarkivet:
 

Eg finn ein Anders Børgess f. 1678. Han er i 1704 Soldat under landfolket.

 

https://www.digitalarkivet.no/pp00000000042604 

 

--

SPØRSMÅL:
Kan det vera same Anders Børgeson f. ca 1677-78, både på Kjerpeset i Bremanger og Selevoll i Meland / Alver?


Det kan stemma når det gjeld sonen Børge / Berge Andersson (f. ca 1704-1706) som overtar på Kjerpeset i 1739.

 

Det er langt mellom Alverstraumen og Bremanger, men det er langs leia på Vestlandet begge deler. Og hvis det er denne Anders Børgeson på Selevoll som er soldaten i 1704, kan han ha vore så langt nord som Bremanger?

Kva krigar var det her i landet rundt 1704?

 

Er det andre som har tankar om dette?

 

Takknemleg hvis nokon har tid til og interesse for å sjå på det.

 

 

 

 

Endret av Berit Hauge
Skrevet

Jeg kan nok ikke svare deg på spørsmålet ditt. I manntallet 1701  finner jeg kun to Anders Borgeson. Det er en 16 år gammel gutt på gården Moldestad i Selje og en 56 år gammel mann på gården Nygård i Indvik. Det er vel neppe noen av dem som er identisk med "din" mann.

  • Takk 1
Skrevet

Takk for svar, Rune! 
Eg trur - som deg - at desse kandidatane du nemner ikkje er «min» Anders. 
Den Anders Børgess som var soldat i 1704 (link til Digitalarkivet i førsteinnlegget), ser eg har bosted Fjells-Ende. Bygdeboka Alenfit har det samme. Han var oppvokst på Selevoll, og flytta til Fjellsende / Fjellsenda. 
 

Vedrørande mitt eige spørsmål om hvilken krig?, - då  tok det ikkje så lang tid før eg kom på «aha! sjølsagt! - Den store nordiske krigen.»

Leser på nettet at danskekongen vår den gang, Fredrik 4.,  i 1704 reiste rundt i Norge for å prata med høg og låg. Og heilt sikkert for å motivera og mobilisera. 
Kor lenge soldatane tjenestegjorde den gang, det veit eg ikkje.

Min Anders Bergeson f. ca 1677-78, dvs bror av mi formor Anna Børgesdatter, også f. ca 1677-78,  kan ha vore soldat nokre år og så bygsla gard på Kjerpeset i Bremanger ca år 1705 pluss/minus.
Det er min foreløpige hypotese som eg utforskar. 
 

Det var frå før uforklarlige DNA-treff for meg som gjorde at eg starta å pønska på dette.
Eg kjenner nokså godt til Nordhordlandsslekta mi, men forbindelsen til Bremanger-området var (og forsåvidt enno er) heilt ukjent.

 

Eg må leita fram skiftet / skiftene etter Anders/Børge-folka på tidleg 1700-tal, både i Bremanger og Nordhordland. Men først søvn. 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.