Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gjeld mesteparten av landet: Kan det finnast fleire born etter Hans Hansson Høylo/Høilo, f. Breim/Gloppen/Nordfjord 1871 - omreisande bokseljar/kolportør?


Recommended Posts

Skrevet (endret)

"Er no dette noko å grave i" er det somme som seier, kjem det noko godt ut av dette då?

 

Mi bestemte meining er at alle har rett til å kjenne bakgrunnen sin, og etter å ha løyst to farskaps-saker der denne mannen viste seg å vere oldefar e.l tenkjer eg at det er på sin plass å prøve å finne ut om han fekk fleire born på reisene sine enn dei 11 eg har funne til no. Nokre av dei døydde små eller unge, men der er heile 8 som hadde etterkomarar.

 

Her er han i Histreg - https://www.histreg.no/index.php/person/pd00000031071338 - med 10 registrerte born med 9 kvinner. Eit ellevte er lenka til i merknadsfeltet, sidan det der openbart er opplyst feil far ved dåpen er det ikkje muleg å koble det inn på Histreg, men her ligg det føre ein eintydig dna-test.

 

Den vedlagde fila inneheld dei opplysningane eg har funne om han - eg håpar den kan lesast.  Her er også eit muleg 12.barn med, fordi det er nære treff i USA; dette KAN forklarast som barn av sysken, men det har vi ikkje klart å påvise. Der er også med to funn som eg kan fastslå IKKJE gjeld same mannen.

 

Den av dokke som har namnet Høylo i ulike variantar på dna-trefflista utan å kjenne samanhengen, bør studere dette emnet ekstra nøye (flest treff på MyHeritage). Som det framgår av arket, finst det dna-testar i etterslekta til 4 norske born, og eit muleg amerikansk.

Revidert Høylo-etterslekt (1).xls

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 3
  • Aase R Sæther - Gloppen changed the title to Gjeld mesteparten av landet: Kan det finnast fleire born etter Hans Hansson Høylo/Høilo, f. Breim/Gloppen/Nordfjord 1871 - omreisande bokseljar/kolportør?
Skrevet

Folketellinga 1910 var 1.desember. Han er tydelegvis gardsstyrar for enkja Ingeborg Arnesdtr, fødd på Bø som er nabogard til Høylo. Den delvis vanføre Ole er sonen hennar, og Inger og Brita er døtre av Hans Høylo sin bror Jakob.

 

Litt dårleg gjort av meg å ikkje ha funne dette, vil eg seie!

  • Liker 2
Skrevet


Du finn ikkje alt, Aase, men jaggu finn du mykje !

  • Liker 3

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.