Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#531] Søk i folketeljinga for 1900


Recommended Posts

Gjest Knut Skjånes
Skrevet

Folketeljinga for 1900 viser m.a. Fredrik Vilhelm Bull-Hansen som Husfader i ein familie i Leikanger. Eg ville undersøke om han den gongen hadde søsken med det same etternamnet og la difor inn dette namnet i eit landsomfattande søk for 1900. Eg får likevel berre opp ei melding om Feil i finnord og kjem såleis heller ikkje fram til Bull-Hansen i Leikanger. Eg har prøvd med delar av namnet og børjar på, men får da berre melding om at det er Ingen funne. Eg har ikkje problem med landsomfattande søk på andre namn i Leikanger. Eg har heller ikkje problem når eg går direkte til Leikanger og søker på Etternamn lik, da kjem eg fram straks fram til Bull-Hansen. Dette hjelper likevel ikkje når eg vil leite over heile landet. Har eg gjort noko gale? Helsing Knut Skjånes

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Bull-Hansen er rekna som to ord, og ligg kvar for seg i landsomfattande søk. Leitar du etter berre Bull burde det gå bra.

Gjest Knut Skjånes
Skrevet

Takk for svaret. Eg får 417 treff på Bull på det landsomfattande søket og desse er fordelte på 58 kommunar. Må eg da leite i kvar einskild av alle desse kommunane for å sjå om nokre av dei heiter Bull-Hansen?

Gjest Ketil Firing Hanssen
Skrevet

Du kan prøve søkesidene til RHD. Ved å velge avansert søk, etternavn bull*hans* får du 7 treff (1 Bull Hansen, 5 Bull-Hansen, 1 Bull-Hansen f Steenbuch), 6 i Leikanger og en i Kristiania.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Dei som vil leggja inn lenker i debattforum må vera sikre på at dei gjer det rett. Ketil si lenke er ikkje avslutta, noko som får konskvensar. Som du ser.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.