Gjest Aase R.Sæther Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Kvar vil ein adopsjon i 1926 (Nordfjord) vere registrert? Merknaden "adoptert" står ved barnets dåp, men dette held vel neppe juridisk som prov på at barnet er lovformeleg adoptert.
Gjest Inge Eikeland Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Adopsjonen bør være registrert hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arkivet er avlevert til Statsarkivet i Bergen.Det er 100 års sperrefrist på opplysninger om adopsjon.
Gjest Aase R.Sæther Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Gjeld det uansett kven som spør, og kva ein spør om? Spørsmålet er aktuelt i ei arvesak, der ei formell stadfesting av adopsjonen vil vere avgjerande for om ein person har arverett. Kan då han sjølv t.d. spørje "er eg lovleg adoptert" og få eit ja til svar, altså utan å bry seg om å få vite kven som var biologiske foreldre?
Gjest Inge Eikeland Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Som part i saken har personen sjølve innsynsrett i eigen adopsjonssak. Han/ ho kan enten kontakte Statsarkivet i Bergen, eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å få opplysningane han ønskjer.Vi treng opplysninger (Namn) på adoptivforeldra, samt kor tid adopsjonen skjedde.
Gjest Inge Eikeland Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Presisering!Send opplysningane pr post, eller ring oss på tirsdag tlf. 55315070.Ikkje skriv opplysningane her.
Gjest Aase R.Sæther Skrevet April 30, 2000 Skrevet April 30, 2000 Sørens enter-knapp! (Jfr. forrige innlegg). Det eg ville skrive var: Hjarteleg takk for hjelpa.
Recommended Posts