Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#1483] Ole Arnesen i Bergen


Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther
Skrevet

Då enkemann Arne Torbjørnsen i Bergen døydde i 1817, etterlet han seg 4 born: Kristen 19 år, finn eg seinare gift i Bergen, Oline 16 år, finn eg også gift i Bergen, Ingeborg Malene 13 år; eg trur det er henne eg finn død ugift i 1879, og Ole, 10 år, som eg ikkje finn att seinare. Kva skjedde med ein 10 år gammal foreldrelaus gut i 1817? Syskena hadde vel tids nok med å ta vare på seg sjølve - var der barneheimar? Fosterbarn i byen? Bortsetting utanfor byen? Er der noko register over born som måtte takast hand om på denne tida, og er i så fall Ole registrert der? Alle syskena blir seinare omtala som Arnesen, bortsett frå at Oline ved ein dåp er kalla Torbjørnsen.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Dette er vel eit innlegg som høyrer heime i slektsgranskarforumet?

Gjest Aase R.Sæther
Skrevet

Ja, for så vidt, men hovudspørsmålet er om det finst kjelder som viser "plasserte" born i Bergen, og det er det vel arkivaren som veit?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

det har du sjølsagt rett i. Men overskrifta er Kjeldene i Digitalarkivet. Men det kan godt henda at dette forumet skulle byta tittel Kjelder i arkivverket. Men det er det opp til Arkivverket å avgjera. Slik det no er vert det Yngve Nedrebø som må ta arbeidet. Og det kan fort bli litt mykje på han, trur eg. Men det veit han best sjølv.

Gjest Aase R.Sæther
Skrevet

Så nøye har eg faktisk ikkje lese overskrifta - beklagar dersom eg har sett for store krav til dykk!

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Det skal du ikkje bry deg om. Medarbeidarane i DA får ta vare på seg sjølve.

Gjest Yngve Nedrebø
Skrevet

Den aktuelle perioden har godt med kilder. Det finnes Ungt mannskapsruller fra 1805 av, og der vil det være mulig å finne Ole Arnesen, og å følge ham til han ble overført til Hovedrullen, eller av en eller annen grunn forsvinner.Det var vanlig å sende barn som havnet på det offentliges regning ut på landet, til Åsane, til Manger eller andre steder. Dette er registrert i fattigvesenets protokoller, i Bergen Byarkiv, men med kopier i Statsarkivet i Bergen av utdelingsbøkene opp til midten av 1830-tallet.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.