Gjest Gitte J Martinsen. Skrevet Januar 30, 2002 Skrevet Januar 30, 2002 HeiHva slags trossamfunn er unitarer?-Gitte
Gjest Jan Oldervoll Skrevet Januar 30, 2002 Skrevet Januar 30, 2002 Dette er vel knapt eit spørsmål som høyrer heime her. Men likevel.Unitarisme oppstod vel eigentleg i Italia, men var driven ut og har sitt opphav i Polen og Romania, som ein protestantisk trusretning. men om du har funne unitarane dine i vårt materiale, er det rimeleg å tru at det er nokon som er komne heim frå USA. Om eg har forstått amerikansk unitarisme rett er det som eit slags kompromiss mellom forskjellige trusretningar, som set fornuft i sentrum, meir enn dogmer og etablerte sanningar. Etter kvart er også ikkje-kristne religionar inkorportert i unitarismen.Det er sikkert nokon der ute som veit meir om dette enn meg.
Gjest N B Macdonald Skrevet Februar 3, 2002 Skrevet Februar 3, 2002 Ordet kjem av EIN og ikkje TRE - dvs. unitarar trur ikkje på 'treenigheten' i kristendomen. Dei kyrkjelydane som eg har vore borte i i USA har vore veldig ulike. Alle kallar seg kyrkje. I nokre bed dei, i andre ikkje. Dei største har orgel og kyrkjekor og hus som ser ut som kyrkjer minus kors. Hjelpte det?Nina Beth
Gjest Jan Oldervoll Skrevet Februar 3, 2002 Skrevet Februar 3, 2002 No tøyer eg kunnskapane min vel langt; kanskje dei sprett attende i fjeset på meg:Er det ikkje slik at unitarane meiner det berre finst ein gudom, men at det finst mange måtar å tilbe han på?
Gjest Birger Forsmo Skrevet Februar 3, 2002 Skrevet Februar 3, 2002 Jan har heilt rett. "Unitar -ismen"= religiøs lære som forkaster trenighetstroen. Birger
Recommended Posts