Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#5460] Anders Anderssen - frå Gausdal?


Recommended Posts

Gjest Otto Ottesen

Er på jakt etter bakgrunnen til min tipp-tipp-oldefar Anders Anderssen Myklebust f. 1748 - d. 1809. Budde på Myklebust, Herøy, Sunnmøre. Han har brukt namna Helle eller Melle. I kyrkjeboka har han også namnet Hammershaug. Melle kunne tyde på opphav frå garden Mele i Ørsta, men det har ikkje vore mogeleg å finne han her. I Ølve i Kvinnherad finst gardane Øvre og Nedre Hamarhaug (inntil 1907 låg gardane i Tysnes og er difor omhandla i gardssoga der). Her finst det 2 moglege kandidatar: At far til Anders kan vere Anders Øvre-Hamarhaug f. 1710 og d. 1749. Budde i Bergsvåg i Fusa. Nokon son som heitte Anders er likevel ikkje nemnt i Bygdeboka for Fusa. Det er også ein Anders på Hamarhaug f. 1716. Han står det ikkje meir om.No veit eg at det og finst ein gard som heiter Hammershaug i Gausdal utanfor Lillehammer. Dette sporet har eg ikkje fått sjekka nærare. Er det nokon som kan vite noko om dette eller sette meg på sporet etter kjelder??

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.