Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#7945] Namn/adresse m.m.


Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther
Skrevet

Når eg skal skrive eit innlegg her, må eg no skrive namn og adresse fyrste gongen i kvart besøk på DA. Har maskineriet fått dårleg minne? Eg undrast også på om det kan la seg gjere å få fram heile strengen når eg skal skrive eit svar, då eg ofte kan ha bruk for opplysningar frå tidlegare innlegg medan eg skriv (no ser eg berre siste innlegg før meg).

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Minne: Eg har tenkt å gjera det valfritt kor lenge namn skal hugsast. Problemet med langminne er maskiner som fleire deler. Det skal nok koma.At du berre ser sdet siste er ein feil, som nok skal ordnast.Takk skal du ha.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

No er det kome ein boks nede på innleggjingssida for tema og innlegg der du kan klikka av om du vil ha namet permanent lagra til seinare bruk. Dette bør du berre gjera dersom det ikkje er andre som brukar maskinen du sit på mot Digitalarkivet. Det er maskinen som blir gjenkjent, ikkje du.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Og no er neste punkt ordna; du får heile debatten lista bak innleggjingsboksen for nytt innlegg.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

Eg må framleis skrive namn og adresse - ?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Det fungerer hos meg. Er nettlesaren din innstilt for å godta alle typar cookies (informasjonskapslar)? Det finst i realiteten tre innstillingar, ikkje godta, lagra inntil nettlesaren blir slått av, og lagra så lenge tenaren vil. For at du skal få behalda namn, adresse og e-post må innstillinga vera på langtidslagring.Når du legg inn eit innlegg vert det sendt ein cookie til maskinen din, innhaldane namn, adresse og e-post. Om debattprogrammet seinare skal kunna gjera seg nytte av denne informasjonen er avhengig av korleis du handsamar kaka. Kastar du henne er det ikkje mykje for meg å henta.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Eg trekkjer meg. Det fungerer fint i dei fleste nettlesarar; men ikkje i IE 6.0. Men på andre sida er den så rar når det gjeld innstillingar at det ikkje skulle forundra meg om eg ikkje har fått han innstilt slik eg vil

Gjest Aase RSæther
Skrevet

Eg brukar IE 5 og maskina likar kjeks. Men det med langtidslagring finn eg ikkje heilt ut av - (julekakene mine brukar aldri å kome opp i særleg alder:-) - kan ein eller annan guide meg gjennom knappetrykka der?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Eg skal ta ein runde og kika i programmet mitt. Men det lyt vera til i morgon.

Gjest Bjørn Davidsen
Skrevet

Eg brukar IE5.0 og har aktivert både 'vedvarende brukerdata' og båe cookies-funksjonane. Like fullt må eg skrive alt på nytt her kvar gong.

Gjest Birger Forsmo
Skrevet

Jeg må fortsatt skrive inn navn og adresse!?? Og dette selv om jeg har krysset av i boksen 'Ta vare på namn til seinare bruk'. Jeg bruker IE 5.01. mvh. Birger

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Det ser ut som om eg hadde gløymt å henta inn permanent namn ved nye innlegg, og at det berre virka ved nye tema. Men no skulle det vera ordna, vonar eg.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Hadde me hatt råd til det skulle me tilsett deg som testpilot, Aase.

Gjest Aase R.Sæther
Skrevet

- som måtte skrive inn namn og adresse no igjen -

Gjest Kjell Eidet
Skrevet

- som også må skrive inn navn hver gang, og jeg har Netscape 4.7...

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Eg har no test Opera (6,01), Netscape (4,76) og den unemneleg (6.0). Alle hugsar alt, etter restart av nettlesar og restart av maskin. Då er det ikkje meir eg kan gjera.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

.. og det fungerer! Eg skal prøve igjen i morgon, kanskje fungerer det berre siste halvannan timen før midnatt :-?

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

No har vi ein ny dato (og ein ny månad) - og eg må skrive inn namnet mitt endå ein gong.

Gjest Aase R Sæther
Skrevet

- og no slapp eg det. Det ser ut som du har eit kalenderproblem, Jan.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

At det er fåe dagar i månaden? Kva består problemet i?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Problemet mitt er nok eit anna i tillegg; eg kan ikkje lenger lesa. Ja, det kan sjå slik ut. Men eit langt liv har lært meg at feil som forsvinn av seg sjølv skal ein ikkje bry seg om.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.