Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8082] Kvit dame


Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

I dag skal me eta ei virtuell kvit dame; me passerte nett 100 millionar nedlasta sider, sidan DA opna 23. januar 1998. Det tok ca fire år. Det kjem sikkert til å ta mindre enn to år å nå neste 100 millionar.For dei som ikkje veit kva ei kvit dame er så er grovt sett det same som grøn gensar. Og dei som framleis ikkje veit kan lura på kvifor dei er blitt utstyrte med slikt eit fattig språk.

Gjest Barbara Lose
Skrevet

Digitalarkivet er supert. Skaal !!!

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Passar godt, både til kvit dame og grøn gensar. Me tek ei virtuell av det slaget også.

Gjest Kjell Eidet
Skrevet

Jan, bare ikke bli sittende i ditt grønne hjørne for lenge.. Vet du hva dette betyr? Tips: Det er oversatt fra engelsk.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Nei, no er eg i feerd med å kjøra dotter mi til Haugastøl. Men eg har ein idé om at når ein sit og kjører så kan ein gjera det same som når ein sit i det grøne hjørnet. Men kanskje eg tek feil, Kjell?

Gjest Kjell Eidet
Skrevet

Du er antagelig på sporet, men trafikkfarlig!Når du event. har forklart kvit dame og grøn genser, så skal jeg avsløre det grønne hjørnet.

Gjest Terje Hatvik
Skrevet

Gratulerar med jubiléet! Stå på (osv.)!Og pass dykk for evt. svarte enker. Gule enker er sprudlande, dei svarte systrene har eit anna og meir irritabelt sinnelag ...Mvh.,

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Ei kvit dame på våre kantar er rett og slett ei marsipankake. I Tromsø er ein grøn gensar det same, men då med grøn konditorfarge i marsipanen.

Gjest Kjell Eidet
Skrevet

Ok. Så grønt hjørne:He sat in his green corner = han satt i sitt grønne hjørne = han satt i dype tanker.

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Det var det eg trudde. Som gamal bussjåfør kjører eg på autopilot. Eg hadde mange djupe tankar att og fram til Haugastøl. Eg trur ikkje det var trafikkfarleg.

Gjest Barbara Lose
Skrevet

Det er veldig romantisk aa spise hvite damer. I nordtyskland ta vi kalde hunder i stedet og drikker doede tanter.

Gjest Morten Østevik
Skrevet

Dette er litt utenfor jubileet men berører den kvite damen desto mere. Finnes det tilbehør for damen: Hode og kropp for å plassere oppe på selve hoveddelen - kaka ?morten ;-)

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Eigentleg ikkje. Eg plar ikkje ha noko på i det heile; naken kvit dame om du vil. Elles kan det vera litt gelépynt (slik du får på tube), eller det kan vera ei marispanrose i midten. I eit bryllup vil det vel kanskje vera eit lite brudepar på toppen. Oppskrifta er enkel:Først lagar du eit vanleg sukkerbrød som du dler i tre lag med ein skarp kniv. Så fyller du mellom laga med stivpiska krem blanda med jordbær, evt. jordbærsyltetøy. Så stryk du over heile kaka med krem; sider og topp. Så kjevler du ut eit eit maripanlokk; ikkje kjøp eit ferdig, det er altfor tørt. Er du lur stør du litt sukker på bordet; då klistrar ikkje marsipanen så lett. Legg lokket over, og om du absolutt vil, pynt. Om du er proff erstattar du nedste kakelaget med ein makronbotn.Nam, nam.Grøn gensar er det same, konditorfarge i marsipanen, men oppbygd slik at kaka nærast blir ein halv fotball, om du skjønar kva eg meinar. Når det gjeld baking har eg halde meg til dei kvite, så eg veit ikkje heilt korleis oppbyggjinga er.

Gjest Bjørn Davidsen
Skrevet

Tiltrædes!!Men dette namnet, kan det ha noko med kvit brur å gjera? Veit du det, Jan?

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Nei det veit eg ikkje. Men det høyrest rimeleg ut.

Gjest Morten Østevik
Skrevet

En lav liten dame med pynt og greier er jo kjempegodt. MMMMMMMM ! Men det var for å få dama til å se ut som en DAME med stakk og greier. Dette for at man må under stakken for å få tak i godsakene.morten

Gjest Erik Stensland
Skrevet

Siden denne løsslupne hylningsdebatten til Digitalarkivet allerede har tatt helt av, kan jeg kanskje bidra til oppklaringen av navnet 'Hvit dame' med følgende historie som jeg minnes å ha lest et sted: Navnet ble gitt av keiser Wilhelm II som hver gang han besøkte Bergen, fikk servert det gjeveste vertskapet visste: marsipankake med makronbunn. Tilslutt ble han så lei av dette at han sammenlignet kaken med husspøkelset (Den hvite dame) som hjemsøkte ham hjemme i keiserslottet i Berlin. Jeg innestår ikke for sannhetsgehalten, men den kan sikkert være riktig (konferer historier om kong Olav V og kombinasjonen laks/jordbær).

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Spelar ingen rolle om historia er sann; den er så god at den blir hermed utropt til i alle høve virtuell sann (kva det no måtte bety?).

Gjest Sigbjørn Sandsmark
Skrevet

Siden Oldervoll ikke pleier å ha noe på dama-så kom eg til å tenke på følgende vers:Det eneste hun hadde på seg det var mei Herman Wildenvei-

Gjest Ingrid Gillesøy
Skrevet

-Ska` seie de e` tidige, kara! Men når de no fyrst er på Wille weier om piker;'De gammeldagse piker, de hadde ikke ben - De hadde bare kjoleskjørt, og elsket bare en!'Ja, det var utvilsamt annleis (og enklare ? )før i tida. -Då visste dei kvar dei hadde kvinnfolka sine. (Mest heime, vil eg tru, for utan bein kom dei vel ikkje so langt.....Spørsmål til ekspertane; Kva skulle dei då med det store kjoleskjørtet???

Gjest Jan Oldervoll
Skrevet

Halda varmen vil eg tru? Og den som har gått med lange strikkasokkar veit at sesongen for det bør gjerast så liten som mogeleg. Det fanst berre eit godt alternativ til dei lange skjørt; bukser.

Gjest Ingrid Gillesøy
Skrevet

Sokkar - lange eller ikkje, bør absolutt ha kort sesong,ja. Det er verste sort! Men desse damene gjekk då i lange skjørt også på dei tider av året når eg f.eks. går i korte skjørt ...? Elles vil eg ynskje dåke tillukke med jubileumet! Reknar med at dama er eta frå topp til tå no, og då er det ikkje meir å snakke om - eller?

  • 1 måned senere...
Gjest Bjørn Davidsen
Skrevet

Då denne debatten gjekk for snart to månader sidan, kom eg på at eg hadde kopi av ein artikkel om bergenske brød liggjande. Den vart skriven av Gerhard Stoltz i 1916. No er den gjort lesbar på nettet på adressa:http://home.online.no/~fndbadm/stoltz.htmog om ein dag eller tre kan originalartikkelen òg lastas ned som pdf-fil for dei som har interesse av fonetikk.Eg veit dette ikkje er rette staden å annonsere den. Men sidan det var den kvite dama til Jan som sette meg på ideen med å lage den til, så ...

  • 6 måneder senere...
Gjest Morten Østevik
Skrevet

Nå er det kommet kvit sjokolade for salg i butikkene. Bør prøves :-)) .

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.