Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8106] Jonas E. Hetland frå Heskestad, f. 1833


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Er det nokon som dreg kjensel på denne personen:Jonas E. Hetland, skal vera fødd på Hetland i Heskestad 12.1.1833, men utvandra til Amerika i ung alder. Han var gift to gonger, andre gongen i Austin, MN 1888 med enkja Wilhelmina Muhl Moe frå Luster i Sogn.Eg skulle gjerne ha visst kven som var foreldri til Jonas og kva år han utvandra til Amerika.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Sigbjørn Sandsmarks
Skrevet

I følg Petrus valand og Olav Heskestad Hetland Skipreide bind 1. Jonas Mikael f 12.1.1833.Foreldre Endre Taraldson Hetland og Marta Jakobsdatter Ualand. Om han ikke finnest her på nettet i dei mangelfulle utvandrerlistene fra Stavanger så er han kanhende reist fra Flekkefjord eller Egersund-se under nyttige lenker der er noen skipslister gjemt. Om hans slekt står der mer i boka. Foreldra flytta til Refsland i Sokendal. Søk på Wisted sine slektsider og se-. Emigranten gikk fra Flekkefjord 1852 med folk fra distriktet heromkring MVH Sig----

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Eg takkar Sigbjørn for eit interessant innlegg.Eg har vore inne på Wisted sine sider, men finn ikkje nokon referanse til denne huslyden under garden Refsland i Sokndal. Heller ikkje har eg funne dei passasjerlistene som du nemner under nyttige lenker. Har du meir utfyllande opplysningar?Elles har eg eit par tilleggsspørsmål:* Gardsnamnet Hetland fins mange stader på Sørvestlandet, men Heskestad synest vera i Lund prestegjeld/kommune og Farsund/Vanse, medan Ueland berre finst i Lund. Er det i Lund 'min' Jonas er fødd?* Kan du elles fortelja meg kva år Endre og Marta flytte frå Hetland til Refsland i Sokndal? Eg går ut ifrå at dei var gardbrukarar båe stader?Takkar hjarteleg for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Sigbjørn Sandsmarks
Skrevet

Hetlan = nå i Lund,var tidlegere i Heskestad komune og det er vel den garden/grenda der Ole Gabriel Ueland bodde og din Jonas. Dei flytta til Sokendal 1838 og vel viderei 1844 til Skjevesland i Høyland( se Høylandsboka side 350. 1840 var dei på Bilstad i Heskestad Skipslister finn du under Nyttige lenker og videre under Sviggum----Sig---

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.