Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#8686] Mathias og Lars Jacobss. - Strandebarm 1650


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Brørne Mathias og Lars Jacobssøner, busette på Skåren eller Skar i Strandebarm, var kring 1650 eigarar av ein jordparsell i garden Sønnesyn i Hafslo i Sogn.Kjenner nokon til desse brørne? Hadde dei ættetilknytting til Sogn?På førehand takk og med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Jo Rune Ugulen
Skrevet

Dei er tvillaust søner av den Jacob Skagge i Strandebarm som i 1624 (Odelsjordeboka i Statthaldararkivet) eig gods i mellom anna Sønnesøne i Marifjøra skp. og Hillestad i Solvorn skipreide. Han eig også i Kalhagen og i Slinde.Jakob var, etter kva eg hugsar, son av Lasse Gautesson (av Dall-ætta) og Gyrid Jakobsdotter. Det var Gyrid som hadde godset med seg, ettersom det kjem fram i ei tingboksak frå Sunnhordland i 1652 at det var hennar odelsgods i Sogn.

Gjest Lars E. Øyane
Skrevet

Eg takkar Jo Rune for fine opplysningar! Soleis var det altso!Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.