Gjest Harald Jarl Runde Skrevet September 18, 2002 Skrevet September 18, 2002 Finst det tilgjengelege lister over seminaristar uteksimanerte før 1900?
Gjest Arnfinn Kjelland Skrevet September 18, 2002 Skrevet September 18, 2002 Tilfeldigvis synte kollega Terje Aarset meg ei forvitneleg bok for nokre dagar sidan: Lærerkalender for den norske folkeskole. Udgiven af K. Pedersen, lærer. Kristiania, Jacob Dybwad Forlag 1884.Boka inneheld alle lærarar i alle herred i Noreg, med namn, fødestad og -år, kva seminar dei var utdanna på, eksamensår, når begynt i skulen, og til og med karakterane dei hadde frå seminara. Boka kan lånast inn via eit vanleg bibliotek.
Gjest Harald Jarl Runde Skrevet September 18, 2002 Skrevet September 18, 2002 Tusen takk for det! Det hjelper meg eit godt stykke på veg! Boka er vel ein tidleg forløpar av 'Norske Skulefolk' som kom ut i 1934 og i ny og auka utgåve i 1952.
Recommended Posts