Denne jenta vart døypt i Domkyrkja i Bergen 23.12.1866: Gjertrud, fødd «uekte» 6.12.1866: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007448794
Foreldri var:
* Torger Johannesson (Sandvig) (fødd i Luster 17.1.1834)
* Mari Atlesdotter (Vindedal) (fødd i Lærdal 28.3.1836)
Dette parfolket skal ha utvandra våren 1867 (med dotteri), og dei gifte seg i Vernon Co., WI 21.7.1867 etter dei var framkomne!
Truleg følgde søsteri hans:
* Martha Johannesdotter (Sandvig) (fødd i Luster 17.7.1838)
med dei til Amerika på same tid!
Torger og Martha er ikkje førte som utflyttarar frå Luster i 1867, og eg har saumfare Québec-lista for 1867, men finn ikkje spor etter nokon av desse folki!
Er eg fullstendig blind vorten, eller kan dei dukka opp i andre passasjerlister, som til dømes hjå My Heritage?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!