Eg slit med å finna lagnadane til desse søstrene som i 1892 utvandra til Amerika frå Årdal i Sogn:
* Susanna Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 4.4.1872.
* Maria Severina Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 28.1.1874.
Foreldri deira var Sølfest Olson Avdal (1837-1907) og kona Maria Thomasdotter f. Opthun (1837-1909)
Det går fram av eit skifte frå 1912 at dei då båe var i live, men nokon adresse er ikkje oppgjeven.
Ein yngre bror av dei var:
* Ole Sølfestson Avdal, fødd i Årdal 21.6.1876, utvandra til Dane Co., WI i 1907 og skal ha gift seg der i 1910 med Margrethe Jørgensdotter Hjelle, fødd i Årdal 5.1.1891. Ho utvandra òg i 1907. Dei flytte heim att til Sogn kort tid etter, men dato og stad for vigsli deira har eg ikkje greidd å finna...?
Er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan hjelpa meg finna lagnadane til dei to søstrene og opplysningane om vigsli til Ole og Margrete?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!