På garden Eldevik er det i bygdeboka for Gamle Davik oppgjedd at brukarparet Noe Jacobson frå Reksnes og Ragnhild Simensdtr. Ytre Davik bygsla halve garden i 1765, men seinare flytte frå garden. I 1781 budde dei i Eldevik iflg. skifte etter Ragnhild sin far, men i 1790 er det komne ny bygslar så eg reikna med det er omlag då dei flytte frå garden.
Eg har lett etter dei vidare, men finn dei ikkje.
Heller ikkje skifte etter dei i Nordfjord og Sunnfjord er registrert.
Nokon som veit kvar det vart av dei?